Frode Grytten
Frode Grytten har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til rundt 15 språk. Grytten er ein ettertrakta gjest på litteraturfestivalar og ein unik formidlar av både ordkunst og musikk.
Grytten fekk Brageprisen i 2023 for romanen Den dagen Nils Vik døde, som hausta strålande omtalar landet over. I 2026 er han aktuell med romanen Vinter, vinter, vinter, vår på forlaget Oktober.