Anders Totland
Anders Totland er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar, mellom anna om tema som lepra, pest, og romfart.
Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen «Engel i snøen.»
Vaksenromanen «Til jord skal du bli» kom ut i 2022 og skal bli til film i framtida.