Annlaug Børsheim
Annlaug Børsheim er ein musikar og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger, busett i Bergen. Etter mange år i ulike band og prosjekt så kom endeleg debutplata hennar – «Spring før sola står opp» – i 2025.
Instrumenta til Annlaug er hardingfele og fele, ulike gitarar og song. Med dei musikalske beina godt planta i den tradisjonell slåttemusikken frå Hardanger og med kjærleik til støyete gitarar, popmusikk og britisk folkemusikk har ho eit uttrykk som spenner vidt.
Annlaug har vore på Falturiltu mange gonger då ho er ein særdeles allsidig utøvar – i år opptrer ho saman med Frode Grytten Beat Band, Ruth Lillegraven og Rannveig Djønne, og saman med Vibeke Havre i framsyninga «Alle har en dør bak øret».