29. okt. – 7. nov. 2026
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Foto: Caroline Odden Giske

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Les meir

Finn Erix. Foto: Stas Artister

Finn Erix

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Agnete Brun

Ruth Lillegraven

Les meir

Profilbilde Ingelin Røssland av fotograf Lars Myhren Holand

Ingelin Røssland

Les meir

Profilfoto Erna Osland av fotograf Lene Løtvedt

Erna Osland

Les meir

Marit Eikemo. Foto: Agnete Brun

Marit Eikemo

Les meir

Portrettfoto Christian Wiik Gjerde av fotograf Carl Christian Raabe

Christian Wiik Gjerde

Les meir

Frode Grytten. Foto: Helge Skodvin

Frode Grytten

Les meir

Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Victoria Sandøy. Foto: Leikny Håvik.

Victoria Sandøy

Les meir

SYMRE. Foto: Ole Børset

SYMRE

Les meir

Tormod Haugland. Foto: Linn Heide Stokkedal

Tormod Haugland

Les meir

Portrettfoto Ingunn Thon av fotograf Signe Luksengard

Ingunn Thon

Les meir

Marita Aarekol. Foto: Skjalg Ekeland

Marita Aarekol

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

Falturiltuseminaret

BESTILL BILLETT HER

Torsdag 5.11.2026 kl. 10:00 – 15:00
Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
Programleiar: Ingrid Leithaug Mjanger (Bibliotekar og programrådsmedlem i Falturiltu)

Frå 09:50 Registrering

10:10 OPNING

10:30 Bokklubb for lærarar
Ved førsteamanuensis Ahmed Akef Khateeb og førstelektor Gro Ulland frå Høgskulen på Vestlandet.

På Kronstad finst ein leseklubb for lærarar, der dei treffest annakvar månad. Her les dei 3-4 barne- og ungdomsbøker til kvar økt. Me får ei praktisk innsikt i korleis det heile starta og kvifor det er barnelitteratur dei les.

10:45 Den store lærarsamtalen
Fagsamtale med Gro Ulland, Ahmed Akef Khateeb med fleire.

Det finst ei mengde forsking som viser at ein får betre læringsutbytte av å lesa, men kva oppnår lærarane med å lesa og diskutera fiksjonsbøker? Smittar lesinga over på studentane/ elevane, eller møter dei berre motstand? Og korleis kan me slå ring rundt skulebibliotekaren og gjera leseglede til ei felles oppgåve der me alle saman spelar på lag?

11:30 – 11:45 Kaffipause

11:45 Kåseri
Festivalforfattar Tor Arve Røssland kåserer rundt sin eigen forfattarskap

12:00 Alt er lov i ungdomslitteraturen, men kvifor det?
Barnebokkritikk, Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU) og Falturiltu inviterer til ein samtale om kvifor grøss, spenning og det dystre har ein prominent plass i bøker for eldre barn. Nyhendebildet varslar om den eine katastrofen etter den andre, så ein skulle tru motvekta var ein trend av lystige og lette historier, men desse er vanskelege å finna i bokhylla. Hjelper det oss å konfrontera den verkelege verda betre ved å dykka ned i det mørke, eller gjer det oss berre meir desillusjonerte? Og kan ein forfattar bli for realistisk i sin iver etter å skildra røyndommen?

Kritikar Kristin Linnesholm tek samtalen med Sanne Mathiassen frå NBU og forfattarane Tor Arve Røssland, Sunniva Relling Berg og Ida Therese Klungland, som alle har vore innom realistiske, alvorlege og grøssande tema i bøkene sine.

12:45 – 13:30 Lunsj

13:30 KORT og GODT

Ulike leseprosjekt som kan inspirera og skapa leseglede blir presentert:

-Sommarles for vaksne, ved Ingrid Leithaug Mjanger, bibliotekar i Bømlo kommune

-Korleis utvikla eit godt skulebibliotek, ved Ingelin I. M. Petterteig, skulebibliotekkoordinator i Stord kommune

-Boklek – ein leikebasert lesemetode ved Siri Risdal, fylkesbibliotekar i Rogaland fylkeskommune

-Tøyveskebiblioteket og Bokstart-prosjekt ved Ingrid Bie frå Haugesund bibliotek

-Korleis laga barnebokbad på skulane ved Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida junior

15:00 SLUTT


Endringar kan førekoma i programoversikta.

PS:Er du tilreisande seminargjest? Det vil vera arrangement på kveldstid onsdag 4. november og torsdag 5. november som du òg kan få med deg.