1. – 8. november 2025
Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

Falturiltu – nynorsk litteraturfestival for barn og ungdom

Aktuelt

Julekort frå Falturiltu

God jul med målpris til Falturiltu

Les meir
Foto: Marianne Gretteberg Engedal (sjølvportrett med katt) og Gry Dahl

Årets festivalforfattarar og program

Årets festivalforfattarar er Marianne Gretteberg Engedal og Ida Neverdahl, under temaet STREK og STRIPE. 30 kunstnarlege utøvarar er på programmet som varer frå 1. til 9. november 2024.

Les meir
Illustrasjonsbilde frå festivalen som viser eit barn som ser på ei framsyning. Foto: Kari M. Svanberg

Hei Fara! Barnebokkritikk sin reportasje frå Falturiltu 2023

Les meir
Sjå alle nyhende

Falturiltu

Sidan 2007 har Falturiltu vakse frå å vera ein lokal litteraturfest til å bli ein litteraturarena med nasjonalt omfang av faglege og kunstnarlege utøvarar. Festivalen har sin base på Stord og arrangerer i løpet av ei veke 90 litteraturopplevingar i 10 ulike kommunar.

Falturiltu løftar fram nynorsk formidling som er nyskapande, samtidsaktuell og tradisjonsrik innan både tekst, musikk, scenekunst og det visuelle. Over 280 ulike kunstnarlege gjester har vore med på festivalen i løpet av åra.

Falturiltu har eit nært samarbeid med andre festivalar i nærregionen som Vossa Jazz, SILK – Skudeneshavn internasjonale litteratur- og kulturfestival, og bLEST litteraturfest i Tysvær.

Frivillig

Det ville vore umogleg å arrangera festival utan dei gode frivillige hjelparane våre. Om du har tid og lyst til å bli del av denne hyggelege gjengen, så høyrer me gjerne frå deg.

Me treng hjelp til billettsal, køyring av forfattarar og vakthald under konsertar. Kjekke oppgåver der du får møta trivelege utøvarar, andre frivillige og bli kjent med festivalfeltet.

Klikk på kråkefoten for å senda oss ei melding så tek me kontakt med deg.

Kven er med i Falturiltu?

Camilla Ruhs

Camilla Ruhs

Barnebibliotekar og bokheks på Stord folkebibliotek.

Marco Thomas

Marco Thomas

Marco Thomas er teaterpedagog, coach, skodespelar og regissør bak TeARTig.

Siv Pettersen

Siv Pettersen

Lærar ved Nysæter ungdomsskule, bokentusiast og styremedlem i Stord mållag.

Profilbilde Trond Onarheim av fotograf Kari M. Svanberg

Trond L. Onarheim

Festivalleiar og kulturrådgjevar i Stord kommune.

Portrettfoto Svein Olav Langåker

Svein Olav Langåker

Redaktør i Framtida Junior og dagleg leiar for LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar), som driv Framtida.no.

Hannah Belsvik Hansen

Høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord.

SKL

Ruth Lillegraven

Forfattar, frå vene Granvin i Hardanger.

Ingrid Leithaug Mjanger

Barnebibliotekar og koordinator for skulebiblioteka i Bømlo kommune.

Haugaland kraft

Kulturrådet

Vestland fylke

Nynorsk kultursentrum