Olaug Nilssen
Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som vann både Brageprisen og Nynorsk litteraturpris, fortel Olaug med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.
Olaug Nilssen er ein viktig talsperson for menneske med funksjonsnedsetjingar og pårørande i Noreg. I 2021 fekk ho Fritt Ord-prisen i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue for å ha belyst samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma.