2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Om Falturiltu

Falturiltu er den største nynorske litteraturfestivalen for barn og ungdom.

100 arrangement i ulike 10 kommunar i veke 45!

kråke

Falturiltu er ein formidlingsarena for nynorsk barne- og ungdomslitteratur. I løpet av ei veke løftar festivalen fram kreativ og nyskapande formidling, i tillegg til å skapa nye produksjonar på nynorsk. Barn og ungdom i alle aldrar er aktive deltakarar. Festivalen si målsetjing er at den skal vera open, inkluderande og tankevekkande.

Festivalen legg opp eit ulikt program kvart år som tek utgangspunkt i ein raud tråd og tematikk knyta til ein festivalforfattar. Saman med ein festivalforfattar og rundt 50 andre kunstnarlege gjester satsar festivalen på litterære, visuelle, musikalske og faglege program.

– Litteratur og lesing er rett og slett viktig for demokratiet. Det gir ikkje berre gode opplevingar for den enkelte, men handlar også om deltaking i samfunnet, ytringsfridom og utvikling av språket vårt. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, 06.10.2023.

Sidan 2007 har Falturiltu vakse frå å vera ein lokal litteraturfest til å bli ein litteraturarena med nasjonalt omfang av faglege og kunstnarlege utøvarar. Med 100 arrangement og minst 60 samarbeidspartnarar viser festivalen ei ambisiøs satsing på kvalitetssterk kulturformidling for barn og unge.

Kunstnarråd

Profilbilde av Camilla Kuhn av fotograf Tove Breistein

Camilla Kuhn

Camilla Kuhn er illustratør, forfattar og er programsjef for barn og ungdom på Litteraturhuset i Oslo.

Profilbilde av Steffen Sørum av Niklas R. Lello / Norsk barnebokinstitutt.

Steffen R. M. Sørum

Steffen Sørum er forfattar, aktiv samfunnsdebattant og er fagleiar for forfatterutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt.

Programråd

Profilbilde Trond Onarheim av fotograf Kari M. Svanberg

Trond L. Onarheim

Trond Onarheim er festivalleiar og kulturrådgjevar i Stord kommune.

Siv Pettersen

Siv Pettersen

Siv Pettersen er lærar ved Nysæter ungdomsskule, bokentusiast og styremedlem i Stord mållag.

Camilla Ruhs

Camilla Ruhs

Camilla Ruhs er barnebibliotekar og bokheks på Stord folkebibliotek.

Marco Thomas

Marco Thomas

Marco Thomas er teaterpedagog, coach, skodespelar og regissør bak TeARTig.

Seminarråd

Hannah Belsvik Hansen

Hannah Belsvik Hansen er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord.

Portrettfoto Svein Olav Langåker

Svein Olav Langåker

Svein Olav Langåker er redaktør i Framtida Junior og dagleg leiar for LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar), som driv Framtida.no.

Profilbilde Trond Onarheim av fotograf Kari M. Svanberg

Trond L. Onarheim

Trond Onarheim er festivalleiar og kulturrådgjevar i Stord kommune.

Kven er Falturiltu?

Festivalen er eigd av Stord kommune og får driftsstøtte av Vestland fylkeskommune. Falturiltu har til no fått tilskot av Norsk Kulturråd, Sparebanken Vest, Bergesenstiftelsen, Haugaland kraft, Sunnhordland kraftlag (SKL), Fritt Ord, Stiftinga Samlaget, NBU, Norsk forfattersentrum og Nasjonalbiblioteket.

Programrådet er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet og har sekretariatet sitt i Stord kulturhus. Falturiltu sitt kunstnarråd er fagleg støtte og bidrar med nettverk og programerfaringar.

Kontaktperson: Festivalleiar Trond Onarheim (trond.onarheim@stord.kommune.no).

Festivalen samarbeider med mange aktørar i heile Vestlandsregionen, blant anna: bLEST Litteraturfest, Vossa Jazz, Biblioteka i Sunnhordland, Høgskulen på Vestlandet, Nynorsksenteret, Framtida junior, Barnebokkritikk.no, Barnas turlag DNT, Stord kulturskule, Stord vidaregåande skule, Fitjar vidaregåande skule, Sunnhordland Museum, Foreningen !Les, Leser søker bok, Kulturskrinet Karmøy, Haugesund folkebibliotek, Vindafjord folkebibliotek, Nordisk barnebokkonferanse, Bømlo kommune, LNK, Pirion, Framtida.no, Stord Mållag, Spinae Company, Kulturbygda Valestrand, Øyo-biblioteket, Kvinnherad fritidsklubb, Harri fritidsklubb, Stord jazzklubb, Nynorsk kultursentrum, Stord hestesportsenter, Solid IL, Trott IL, Stord IL, Skag design, Kalleberg trykkeri, Print og Ramme, Åtgaum, Arena scene, Kværner industrimuseum, Venelaget for Gruo på Litlabø, Sunnhordland kraftlag med fleire.

Frå framsyninga Himmelspringaren med Monika Solheim og Adele Lærum Duus. Basert på boka av Sissel Horndal. Foto frå framsyning under Falturiltu.

Historia bak Falturiltu

Falturiltu blei grunnlagt i 2007 av forfattarane Per Olav Kaldestad, Hegla Gunerius Eriksen og Atle Hansen i samarbeid med Stord kommune som er eigar av festivalen.

Målsetjinga var å visa fram den rike og varierte nynorske barne- og ungdomslitteraturen. Frå byrjinga av har dette vore ein festival der formidlinga er i hovudfokus, og ein har nytta mange kreative arenaer og idéar for å nå ut til
stadig nye målgrupper.

Over 220 ulike forfattarar, illustratørar, faglege og kunstnarlege gjester har vore med på festivalen i løpet av åra.

Tidlegare medlemmar i Falturiltu sitt programråd er Helga G. Eriksen, Anna R. Folkestad, Atle Hansen, Jane Jünger, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad (festivalleiar), Hege Myklebust (festivalleiar) og Kristine Thorkildsen (festivalleiar).

Kva er greia med den kråka?

Falturiltu har henta namnet sitt frå ei tradisjonell folkevise kjent som «Kråkevisa». Denne ballada frå middelalderen handlar om ein mann som møter ei enorm kråke ute i skogen. Kråka sitt møte med mannen blir skjebnesvangert for det store dyret. Sjølv om teksten inneheld ganske sterke bilder så har den blitt ein av Noregs mest kjente barneviser.

Ein av Falturiltu sine festivalforfattarar – Einar Økland – skildrar det slik: «Ei mange hundre år gammal folkevise, rik på bisarre overdrivingar, jamvel med blasfemiske innslag, på kanten av å vere fyllerør, som den er. I alle høve er ikkje dette noko for barn som tar allting alvorleg, også skjemt. Då eg for nokre år sidan blei heidra som årets festivalforfattar, hadde eg tenkt å minne samtlege frammøtte om dette. Og så hadde eg tenkt å vise dei eit forsonande døme på at det heile var heilt i orden likevel.»

Falturiltulogo 2023
Falturiltu sin logo med ei kråke utforma av Øystein Vidnes.

Festivalprofil

Falturiltu sin noverande logo er designa av Øystein Vidnes. Designbyrået Tada står bak profil og nettside.

Profilen til festivalen har utgangspunkt i den originale idéen til kunstnar Gerhard Stoltz som laga den første logoen til festivalen i 2007. Til Falturiltu sitt 10-årsjubileum i 2016 blei den på nytt utforma av illustratør og forfattar Anna R. Folkestad, før den noverande utgåva kom på plass i 2019.

Falturiltu sin profil i 2012 utforma av Gerhard Stoltz.