
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram.
Folgerø har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland.
Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kom boka Ferjefolket.