2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Persondata

Denne personvernerklæringa er meint til å hjelpa deg som brukar av Falturiltu sine tenester å forstå kva personopplysningar me samlar inn, kvifor me samlar inn personopplysningar, korleis dei blir brukt av oss og kva rettar du har som brukar. Personvernerklæringa gjeld for alle som bruker nettsida vår eller er i kontakt med oss.

Ansvar

Falturiltu er ansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar. Spørsmål om personvern kan rettast til festivalkontoret på e-post kultur@stord.kommune.no.

Billettkjøp

Ved å kjøpa billett gjennom billettlenkene våre så blir følgjande informasjon registrert:

  • E-post
  • Navn
  • Adresse
  • Mobilnummer
  • Eventuelt kjønn (om du har valt å oppgje dette)
  • Eventuelt bursdagsdato (om du har valt å oppgje dette)
  • Kjøpshistorikk og gjennom kva kanal billetten er kjøpt

Falturiltu.no

Ved å besøka nettstaden vår så blir bruksdataen din loggført. Føremålet med dette er å laga statistikk som me bruker til å forbetra og vidareutvikla informasjonstilbodet på nettstaden. Døme på kva me lagrar er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstadar brukarane kjem i frå og kva nettlesarar som blir nytta.

For å få informasjon om databruk av nettstaden vår så nyttar me informasjonskapslar (cookies).

Kredittkortopplysningar blir ikkje teke imot eller lagra av oss, men av vår tredjeparts betalingsformidlar Dialog exe/e-billett.

Tredjepartsaktører

Me nyttar oss av følgjande tredjepartsaktører:

  • Dialog exe as
  • Google Tag Manager
  • Facebook
  • Instagram
  • MailChimp

Informasjonskapsler som blir brukt:

  • id
  • NID
  • Uid
  • cid

Nyhetsbrev

For alle som melder seg på Falturiltu sitt nyhetsbrev så blir følgjande informasjon handsama:

  • e-postadresse
  • for- og etternavn

Utlevering av personopplysningar til andre

Me bruker datahandsamarar til å samla inn, lagra eller på annan måte handsama personopplysningar på våre vegne. I slike tilfeller har me inngått avtalar for å ivareta informasjonssikkerheten i alle ledd av handsaminga.
All handsaming av personopplysningar som me føretek skjer innanfor EU/EØS-området.

Lagringstid

Falturiltu lagrar aldri personopplysninger lenger enn det som er naudsynt for det føremål opplysningane blei samla inn for. Me vil enten permanent anonymisera eller på sikkert vis sletta dei av dine personopplysningar som me ikkje lenger har behov for.

Dine rettar når me handsamar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevja innsyn, retting eller sletting av personopplysningane som Falturiltu handsamar om deg. Du har vidare rett til å krevja begrensa handsaming, retta innsigelse mot handsaminga og krevja rett til dataportabilitet. Du kan lesa meir om innhaldet i desse rettane på Datatilsynets nettside.

For å ta i bruk dine rettar må du krevja innsyn hos Falturiltu ved å senda ein førespurnad til nettansvarleg, kultur@stord.kommune.no. Dette blir sett på som ein skriftleg førespurnad. Me vil svara på din førespurnad til oss så fort som mogleg, seinast innan 30 dager.