Spor av perlemor – Børsheim, Djønne og Lillegraven
Spor av perlemor tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine dikt og tekstar, til musikk av og med folkemusikarane Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på gitar, hardingfeler og vokal. Desse tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konserten, og det er liten tvil om kvar dei kjem i frå.
Duoen Djønne&Børsheim har i fleire år samarbeida med Ruth Lillegraven og tonesatt tekstar av henne. Dei laga musikkteateret HUSMANN i 2019, ei framsyning basert på husmannslivet i Hardanger der dei hadde med seg skodespelararne Kjærsti Odden Skjeldal og Morten Svartveit med tekst av Lillegraven og musikk komponert av duoen. I 2023 kom plata «Skyer av Perlemor» som i hovudsak inneheld tekstar av Ruth Lillegraven henta frå bøkene hennar «Urd» og «Sigd», tonesatt av duoen Djønne&Børsheim.
SPOR var ei bestilling til festivalen Langs Linjo på Voss i 2024 og det var fyrste gong dei tre damene stod på scena i lag. No gler dei seg til å få spele konserten på Falturiltu.