Frode Grytten Beat Band
Frode Grytten Beat Band kjem til Falturiltu! Dette stjernebandet fekk uvanleg gode tilbakemeldingar når dei sist gjesta festivalen, me kan lova ei konsertoppleving av dei sjeldne.
I bandet til Frode Grytten finn me Annlaug Børsheim, Pedro Carmona-Alvarez, Michael Barnes, Anders Bitustøyl, Ivar Thormodsæter og Einar Sogstad – alle røynde musikarar som gjev alt på scena.
Konserten er ei blanding av Grytten-poesi og nytolkingar av songar frå m.a. Bruce Springsteen, Tom Waits og Talking Heads. Resultatet er ein sound som lett får vestlandske musikkhjarter til å banka.
BILLETTAR: Det er både enkeltbillettar, dagspass og festivalpass tilgjengeleg for Falturiltu 29. – 31. oktober i Stord kulturhus.