TAUS
Desse vossajentene med Oda Eirin Almeland i spissen set scena i flammar og får publikum med frå første tone. Intenst, oppslukande, og med artige tekstar som singelen «Angra ingenting», som i vår var den mest spelte norske låta på radio i landet.
TAUS vann Vestlandssatsinga 2025 på bransjefestivalen «100 dagar», og var nominert til Årets stjerneskudd på by:Larm!
Dette er vossapop som boblar over av energi og sjarm, og me gler oss til TAUS kjem for å lokka fram smilet på Falturiltu sitt festivalpublikum.
Få med deg enno fleire kjekke arrangement – kjøp eit festivalpass!
Falturiltu sitt festivalpass gjev deg inngang til alle arrangement 6. – 8. november.