Gode gjest!
Velkomen til Falturiltu!
Her finn du diverse informasjon om festivalen. Programrådet i Falturiltu håpar du får eit triveleg opphald – me gler oss skikkeleg til å ha deg på besøk!
Info | ||
---|---|---|
Overnatting Me har eit flytande festivalhotell frå laurdag 4.11 til fredag 10.11. Dette er MS Sunnhordland som ligg i Leirvik sentrum. Alle rom her har bad, og fellesarealet på båten er open berre for dykk som er gjester ombord. Kart med plassering finn du nedst på sida. Sjå bilder frå veteranskipet på denne lenka. | Innsjekk heile dagen (frå 14 laurdag) | Utsjekk 16:00 |
Wifi Det vil vera mogleg å kopla seg opp til eit 4G-nettverk på båten. Det har ikkje all verdas kapasitet, så om du vil få med deg serien «Makta» kan det henda at det hakkar litt no og då:) | Namn: Falturiltu-wifi | Passord: Kommune123 |
Frukost Det er frukost på Baker Brun på Amfi Stord mellom klokka 07 og 09. -Frukost består av juice, kaffi, smoothie, yogurt med müsli, 4 variantar av påsmurt, fruktfat og croissant. Ta gjerne med deg lunsjpakke på vegen ut om du skal på skulebesøk. | Frå 07:00 | Til 09:00 |
Lunsj Falturiltu har òg lunsjavtale med Baker Brun. Den består av 2 halve påsmurte, kaffi/juice og ei valfri bolle. | ||
Akkreditering Alle utøvarar får gratis inngang til arrangement på Falturiltu. Det hjelper oss om du tingar på førehand. Gå inn på aktuelt arrangement på https://falturiltu.no/program/ – vel kategori «Festivalfri» og legg inn kode som følgjer: 8.11 BLACK HAUGE – kodeord: Draumen 9.11 Good Time Charlie – kodeord: Draumeblues 9.11 Heidi Marie Vestrheim – kordeord: Nabovarsel 10.11 Ine og Edvard Hoem – kodeord: Honning | ||
Akkreditering med middag Festivalbistroen Åtgaum vil servera forfattarane sine favorittrettar fire kveldar. Det gjer du enkelt ved å gå inn på arrangementet – vel kategori «Festivalfri med mat» og legg inn kode: Faktisk 7.11 Brit Bildøen og Ruth Lillegraven 8.11 Atle Hansen | ||
Festivalkontor I Stord kulturhus vil det vera festivalkontor måndag til torsdag, kom gjerne innom dersom du har spørsmål. | Frå 08:30 | Til 15:00 |
Festivalkontor MS Sunnhordland På ettermiddagstid søndag til torsdag vil bemanninga på MS Sunnhordland fungera som festivalkontor. | Frå 15:00 | Til 23:00 |
Parkering Om du har eigen bil, så kan den parkerast på plass merka P på kartet under (grusparkering), heilt inntil fjellveggen. | ||
Festivalskyss Falturiltu skyssar deg stort sett der du ønskjer med unntak av Leirvik skule, Stord ungdomsskule og Stord vgs som er i passeleg gåavstand til sentrum. Ikkje ver redd for å spørja om skyss der heller om du helst ikkje vil ta beina fatt. Om morgonen hentar me deg på Baker Brun med mindre du helst vil plukkast opp ein annan stad. | ||
Kontaktperson Festivalleiar Trond Onarheim: 911 01 239 |
