Skrivekurs med Bjørn Sortland på EPOS
Program tysdag 4.11, onsdag 5.11 og torsdag 6.11
Skrivekurs på Litteraturbåten EPOS
08:45 for Stord US 9. trinn
11:45 for Stord US 9. trinn
Om Bjørn Sortland
Bjørn Sortland vaks opp på Svortland i Bømlo kommune. Han debuterte som forfattar i 1992 med ungdomsromanen Det er ikkje natta. Bjørn har skrive over sytti bøker for barn, ungdom og vaksne, og bøkene hans er omsette til meir enn tjue språk.
Bjørn var Falturiltu sin festivalforfattar i 2016 då festivalen hadde 10-årsjubileum.
Om Litteraturbåten EPOS:
Litteraturbåten Epos har kome med bøker og kultur til bygdene på Vestlandet sidan 1963. Båten er kystsamfunna sitt ambulerande litteraturhus, og skal vere ein møteplass og kulturarena som bidreg til ein levande kystkultur og eit breiare kulturtilbod. Epos er eit mobilt litteraturhus på Vestlandet – eit skip fylt med historier, opplevingar og møte mellom folk.