
Ingrid Belt
Kulturytring 2025 i Drammen.
Ingrid Belt er ein låtskrivar frå Stord med ei stemme som treff rett i hjartet. Ho skriv nære og ærlege tekstar om oppvekst, sorg og tilhøyrsle. Med klangrikdom og ein vokal fylt av nerve, er ho i ferd med å skapa seg ein solid plass i den norske visepopfloaren.
Låtane hennar balanserer mellom det sårbare og det kraftfulle, med melodiar som gir både trøyst og glede. På scena skapar ho eit sterkt nærvær og ei intensitet som grip publikum – ei artistoppleving som sit i lenge etter siste tone.
Arrangementet er i samarbeid med Kulturytring, indielabelen Monolog og Falturiltu – nynorsk litteraturfestival.
Foto av Ingrid Belt: Tonje Rønvik