Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov med band
Stordabuane Endre Olsen & Ragnhild Kambo Grov slapp tidlegare i år «Vekk meg lenger vekke» – si tredje plate på dialekt. Den vart opprinneleg skriven og framført som eit tingingsverk til Poesifestivalen i Ulvik, i høve tildeling av «Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar» til tekstforfattar Olsen.
I ei lang og begeistra melding konkluderte Dag og tid sin meldar med at grovarane denne gong gjer det betre, med mindre – «heilt utan staffasje, berre godt gjort».
Med Hans-Oav Molde (trommer, diverse) og Roald Kaldestad (bass og gitarar) i ryggen, presenterer Olsen og Kambo «Vekk meg lenger vekke» for festivalpublikummet, saman med songar frå dei førre platene «Bøttevis med blått» og «Baklengs tebake».
Få med deg enno fleire kjekke arrangement – kjøp eit festivalpass!
Falturiltu sitt festivalpass gjev deg inngang til alle arrangement 6. – 8. november.