Arill Riise: Der ingen var einsam – klyngetunet som vart utsletta
Då Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i , og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen lagnadstunge morgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.
I fjor haust gav Arill ut boka «Der ingen var einsam – klyngetunet som vart utsletta» der han skildrar kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historia om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen», og som knapt finst meir. .
Få med deg enno fleire kjekke arrangement – kjøp eit festivalpass!
Falturiltu sitt festivalpass gjev deg inngang til alle arrangement 6. – 8. november.