2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Program 2023

LØRDAG 4.11

Stord Bibliotek 12:00
OPNING: BOK & PYNTEBALUBA
med Anna R. Folkestad, varaordførar og kultursjef
Bok & Bolle med sjølvaste Anna R. Folkestad.
Opning med varaordførar Øyvind Kyvik og kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen.

Print og Ramme 12:00
FESTIVALUTSTILLAR PER RAGNAR MØKLEBY
Per Ragnar Møkleby er ein illustratør som jobber med ulike format som bøker, aviser, tidsskrifter, plakatar med meir. Møkleby har utdanning innan illustrasjon frå Kingston University i London, og har gått på Einar Granum kunstskule i Oslo. Han har arbeida med fleire forlag, mellom anna Samlaget, Gyldendal, Cappelen Damm og Aschehoug.

Stord Kulturhus 13:00
BILAR MED SJEL – Sinnamekker’n Ståle Eskeland
Sinnamekker’n Ståle Eskeland er ein av Noregs største bilentusiastar og har eigd over 500 bilar. Han har til og med pussa opp eit gammalt vrak for å kunna turnera med den nye boka si som heiter BILALBUM.

Arena Scene 14:00
JENNY FENDER-KONSERT med Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes
Heidi Marie Vestrheim kjem til Falturiltu for å lesa, synga og fortelja frå debutboka si Jenny Fender! Ei konsert-og-forteljingstund om rock, venskap og kjærleik! Passar best for dei frå 9 år og oppover.

Arena Scene 20:00
FRODE GRYTTEN BEAT BAND
Endeleg kjem Frode Grytten Beat Band til Falturiltu med sitt herlege haustrepetoar.
Bandet består av Annlaug Børsheim, Pedro Carmona Alvarez, Michael Barnes, Anders Bitustøyl, Ivar Thormodsæter, Einar Sogstad og frontfrigur Frode Grytten.

SØNDAG 5.11

Nysæter Bibliotek 13:00
FAMILIEBINGO med Microbandet
Aldri vore på bingokonsert med Microbandet? Veit du ikkje eingong kva bingo er for noko, seier du? Då er det godt du endeleg får sjansen, og det på eit vaskeekte bibliotek med eit vaskeekte bingoband. Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal) og Brit Aksnes (gitar, vokal) har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med bingo krydra med dei mest skrålete songane dei kan koma på.

Nysæter Bibliotek 14:00
KLIPP DEG med Irene Stana
Frisør Irene Stana viser deg dei viktigaste prinsippa bak hårklipp og gir deg steg-for-steg-instruksjonane som hjelper deg i mål. Du får også tips om kva du bør tenke på før du bestemmer deg for frisyre og triksa du treng anten du skal klippe krøller, skjegg eller eit uroleg barn.

Stord Hotell 17:00
HIMMELJAZZ med Trygve Seim og Frode Haltli
Falturiltu og Stord jazzklubb inviterer til unike tonar på himmeltaket til Stord hotell! Trygve Seim og Frode Haltli gav i 2008 ut albumet ‘Yeraz’ på det tyske plateselskapet ECM. Utgjevinga var startskotet til eit framifrå musikalsk samarbeid og albumet fekk glitrande omtalar både i Noreg og i utlandet.

Åtgaum 19:30
LITTBAR – Tore Kvæven blir bokbada av Anders Totland
Litterær matbar med forfattar Tore Kvæven som blir bokbada av Anders Totland. Tore Kvæven er sauebonde og lærar og debuterte i 2011 med boka «Hard er mitt lands lov».

MÅNDAG 6.11 SKULEPROGRAM

09:00 Rommetveit skule
Falturiltu-start!
Med besøk av Erna Osland

09:00 Nysæter US
Peter Strassegger
Bokbad

09:15 og 10:45 Stord folkebibliotek
Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby
Forfattarmøte

10:30 og 11:45 Sunnhordland museum
Heksejakt
Aina Basso og Katrine Schiøtt

10:45 Hystad skule
Erna Osland
Forfattarmøte

11:40 og 12:30 Nysæter US
Peter Strassegger
Forfattarmøte

12:00 Stord folkebibliotek
Erna Osland
Forfattarmøte

MÅNDAG 6.11 OPE PROGRAM

Stord Bibliotek 17:00
GJERMUND GJERDESMETT med Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby
Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar er ein fantasifull og leiken inngang til den nære, norske fuglefaunaen for barn.

Stord Bibliotek 17:30
SOLA OG MÅNEN – familieframsyning med gruppa TeARTig
Eit stykke om å væra annleis og godta seg sjølv slik ein er. Om å seire over sjalusi og sjå sin eigen verdi.
Stykket er basert på boka «Månen som ville lyse som ei sol» av Elin Grimstad.
Utøvarar: Therese Nes og Gudrun Thomas frå teatergruppa TeARTig.

Kvinnherad Bibliotek 17:30
BOKBAD med Brit Bildøen og Ruth Lillegraven
Brit Bildøen og Ruth Lillegraven møtest til ein drøs om kvarandre sine forfattarskap og kva dei sjølve blir inspirerte av.

Horneland Bedehus 18:00
BARNEBIBELEN med Alf Kjetil Walgermo
Vel møtt til ei hyggeleg samling i Horneland bedehus. Her blir det møte med forfattar Alf Kjetil Walgermo, barnekor og kveldsmat.

Åtgaum 20:00
EG RISSA DESSE RUNENE – Aina Basso med Seim/Haltli
Ein novellekonsert med festivalforfattar Aina Basso som saman med duoen Frode Haltli og Trygve Seim pustar liv i menneska frå mellomaldersamfunnet.

TYSDAG 7.11 SKULEPROGRAM

09:15 og 10:30 Sunnhordland museum
Heksejakt
Aina Basso og Katrine Schiøtt

09:15 Stord bibliotek
Spring!
Erna Osland

09:15 Litlabø skule
Gjermund Gjerdesmett
Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby

09:30 og 10:45 Hystad skule
Ylva og villgeitene
Hilde Myklebust

10:15 Skånevik skule
Forfattarmøte
Peter Strassegger

10:15 Stord US
Bokbad
Asbjørn Rydland

10:45 Stord bibliotek
Badesommar og Klodeklubben
Ruth Lillegraven
Maria Boross frå Stord kulturskule

10:50 Sagvåg skule
Spring!
Erna Osland

11:40 og 12:30 Rimbareid skule, Fitjar
Historia om Erling Braut Haaland
Ørjan Zazzera Johansen

12:00 og 12:55 Etne skule
Forfattarmøte
Peter Strassegger

12:30 Nordbygdo US
Bokbad
Asbjørn Rydland

13:00 Nysæter US
Bokbad
Festivalforfattar Aina Basso

13:00 Stord US
Ungdomsbokbad
Erna Osland

TYSDAG 7.11 OPE PROGRAM

Stord Bibliotek 12:30
SPRÅKKAFÉ med Ruth Lillegraven og Maria Boross
Med forfattar Ruth Lillegraven som les dikt. Musikk ved Maria Boross frå Stord kulturskule. Språktrening ved Internasjonal kulturklubb og Stord folkebibliotek.

Stord Bibliotek 17:00
YLVA OG VILLGEITENE med Hilde Myklebust
Ei framsyning om å prøva å vera modig når nokon treng hjelp, og om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Stord Bibliotek 17:30
TRIKSING, QUIZ OG EIN HEILT UVANLEG FAMILIE med Thoralf Fagertun!
«Familien Gnork» er ei sprø og munter forteljing om venskap, fiendskap, edderkoppjakt, flygande krokodillar og heimelaga medisin med utrulege biverknader. Og fotball, sjølvsagt.

Åtgaum 20:00
FABELAKTIGE FAVORITTAR med Brit Bildøen og Ruth Lillegraven
Kva fabelaktige favorittar har forfattarane sjølve? Brit Bildøen og Ruth Lillegraven møtest til ein drøs om kvarandre sine forfattarskap og kva dei sjølve blir inspirerte av.

ONSDAG 8.11 SKULEPROGRAM

09:00 Sagvåg skule
Triksing, quiz og ein heilt uvanleg familie
Thoralf Fagertun

10:00 Kvalavåg Montessoriskole
Full bajas!
Ingunn Thon

10:05 og 11:25 Uggdal skule
Kan bakteriar bæsje?
Unni Vik

10:05 og 11:25 Uggdal skule
Badesommar & Klodeklubben
Ruth Lillegraven

10:15 Nysæter US
Ungdomsbokbad
Asbjørn Rydland

10:15 Selevik skule
Triksing, quiz og ein heilt uvanleg familie
Thoralf Fagertun

10:30 og 12:00 Stord folkebibliotek
Ylva og villgeitene
Hilde Myklebust

11:05 og 12:00 Tysnes skule
Historia om Erling Braut Haaland
Ørjan Zazzera Johansen

11:15 Avaldsnes skole
Full bajas!
Ingunn Thon

12:00 Selevik skule
Triksing, quiz og ein heilt uvanleg familie
Thoralf Fagertun

12:25 Rimbareid skule
Terra Victoris
Asbjørn Rydland

ONSDAG 8.11 OPE PROGRAM

Stord Vgs, Konsertsalen 12:30
LITTERÆR LUNSJ med Bår Stenvik
Tilrettelagd opplæring inviterer til litterær lunsj i konsertsalen på Saghaugen. Bår Stenvik er journalist og har gjeve ut fleire prisvinnande bøker. Han snakkar engasjerande om kor oppfinningane kjem frå og kva som skjedde rundt dei. Musikalske innslag ved elevane.

Etne bibliotek 17:30
NOVELLEKVELD MED AINA BASSO
Historikar og forfattar Aina Basso er årets festivalforfattar under Fallturilltu på Stord. Kom og høyr Aina lese og fortelje frå arbeidet med den siste boka inspirert av arbeidet hennar med runeskrifter i Bergen.

Nysæter Bibliotek 18:00
HISTORIA OM ERLING BRAUT HAALAND med Ørjan Zazzera Johansen
Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjente nordmannen i verda akkurat no. Ettersom han dundra inn mål etter mål for det norske landslaget og den tyske storklubben Borussia Dortmund, ville alle dei største klubbane i verda kjøpa han. Men Erling valde til slutt Manchester City.

Åtgaum 18:00
BOKSLEPP OG MATBAR med Atle Hansen
«-Eg er Valmond Komb» er ei bok om einsemd, om forelsking og kjærleik, om nett-troll og farlege tankar, om å bli konfrontert med sitt eige liv, om å bu på øyer vest mot havet og om flukt og å finna heim. Atle Hansen fortel om boka i samtale med forleggjar Otto Ersland.

Arena Scene 20:00
BLACK HAUGE med Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio
Opplev Olav H. Hauge sine kjente dikt i ny elektronisk drakt med Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio. Arrangementet er i samarbeid med Stord mållag.

TORSDAG 9.11 SKULEPROGRAM

09:15, 10:30 og 12:00 Stord bibliotek
Kan bakteriar bæsje?
Med Unni Vik
Framsyningar for barnehagar

09:15 Halsnøy skule
Familien Gnork
Med Thoralf Fagertun

09:45 Uskedalen skule
Historia om Haaland
med Ørjan Zazzera Johansen

10:00 Langeland skule, 3A
Oppdrag romvesen med Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde

10:00 Kvinnherad bibliotek
10 utrulege oppfinningar
Med Bår Stenvik

11:00 Litlabø skule
Festivalforfattarmøte
Aina Basso

11:00 Sunde skule
Familien Gnork
Med Thoralf Fagertun

11:30 Valen skule
10 utrulege oppfinningar
Med Bår Stenvik

11:30 Omvikdalen skule
Historia om Haaland
med Ørjan Zazzera Johansen

11:45 Langeland skule, 3B
Oppdrag romvesen med Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde

12:00 Stord kulturhus
Jubelblues med Good Time Charlie

12:40 Fitjar vgs
Slemme jenter
Med Monica Goksøyr

13:15 Tjødnalio skule, 3. trinn
Oppdrag romvesen med Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde

TORSDAG 9.11 OPE PROGRAM

HVL Aulaen 10:00 og 12:00
OPP AV BOKA – UT I ROMMET!
Studentane på Barnehagelærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet har leika seg med ulike nynorske barnebøker og laga leikande scenogafiar som levandegjer bøkene, lydkulisser som set publikum i stemning og morosame ord og uttrykk som skapar latter og undring hjå publikum. Inspirert av barnebøker for dei yngste og med innspel frå faglærarane i drama, norsk, kunst og handverk og musikk har studentane laga unike dramatiseringar for barn.

Stord Bibliotek 17:00
OPPDRAG ROMVESEN med Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde
Bli med inn eit spennande og morosamt lyddrama om Ramona og Jakob. Ramona heiter eigentleg ikkje Ramona, men det er det namnet Jakob har gitt henne. Ramona er nemleg ikkje eit menneske, eller «jordbuar», som ho seier, men eit romvesen. Og no er ho og familien komne til jorda for å leve som menneske.

Stord Kulturhus 18:00
KONSERT OG PLATESLEPP med Good Time Charlie
Good Time Charlie slepp sitt fjerde album under Falturiltu i samarbeid med Stord Jazzklubb. Musikken er energisk rhythm and blues i kjent Good Time Charlie stil. Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her er mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi!

Etne bibliotek 17:00
FOTBALLTORSDAG: HISTORIA OM ERLING BRAUT HAALAND med Ørjan Zazzera Johansen
Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjente nordmannen i verda akkurat no. Ettersom han dundra inn mål etter mål for det norske landslaget og den tyske storklubben Borussia Dortmund, ville alle dei største klubbane i verda kjøpa han. Men Erling valde til slutt Manchester City. I forkant av arrangementet arrangerer Etne bibliotek ulike fotballkonkurransar for våre eigne fotballtalent! Det vert «fotball-bok-bowling» (her gjeld det å ha god presisjon), fotball-quiz (her gjeld det å ha gode kunnskaper) og FC24-speling (Erling Braut Haaland likar òg å spela «FIFA»)

Fitjar kulturhus 19:30
SOGEKVELD med Aina Basso, Nils Horn og Ove Arne Olderskjær
Historikar og festivalforfattar Aina Basso blir bokbada av Christer Stewart Aarbø om sine bøker om runeskrift, heksejakt og dødsstraff i Noreg. Journalist Ove Arne Olderkjær fortel om trolldomsprosessen mot Ingeborg Olsdatter i Fitjar og Stord i 1650. Song og musikk av Stord-artisten Nils Horn. Utdeling av kulturprisen og næringsprisen for Fitjar kommune 2023. Arrangementet er eit samarbeid med Fitjar sogelag, Fitjar kommune og Falturiltu.

Høgskulen på Vestlandet Campus Stord 19:30
BOKBAR OG MINIKONSERT MED HEIDI MARIE VESTRHEIM
Heidi Marie Vestrheim frå Øystese er mest kjent som musikar og programleiar på NRK. Med debutromanen «Jenny Fender» har ho no óg teke steget inn i forfattarverda. «Jenny Fender» er ein forrykande roman full av musikkreferansar frå Heidi Marie sin oppvekst. Falturiltu tenkjer det er på høg tid å bli betre kjent med Heidi Marie! Denne kvelden skal ho få sin eigen programleiar, nemleg journalist og nabosambygding Brit Aksnes.

FREDAG 10.11

Høgskulen På Vestlandet Campus Stord 10:00-15:00
FALTURILTUSEMINARET 2023
Foreningen !Les, Barnebokkritikk.no, Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret, Framtida Junior, Universitetet i Bergen med fleire inviterer til formidlingsseminar om barne- og ungdomslitteratur.
Meir om seminaret på denne lenka.

Haugesund Bibliotek 11:00
KAN BAKTERIAR BÆSJE? med Unni Vik
Bli med på Falturiltu sin minifestival på Haugesund bibliotek! Unni Vik fortel underlege fakta om dei aller minste organismane på jorda. Forfattar Unni Vik har skrive boka «Kan bakteriar bæsje?» som tek for seg dei gode og dårlege sidene ved bakteriar. Unni Vik er forskar og underviser i naturfag på barnehagelærarutdanninga ved OsloMet.

Haugesund Bibliotek 12:00
OPPDRAG ROMVESEN med Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde
Bli med inn eit spennande og morosamt lyddrama om Ramona og Jakob. Ramona heiter eigentleg ikkje Ramona, men det er det namnet Jakob har gitt henne. Ramona er nemleg ikkje eit menneske, eller «jordbuar», som ho seier, men eit romvesen. Og no er ho og familien komne til jorda for å leve som menneske.

Haugesund Bibliotek 13:00
TI UTRULEGE OPPFINNINGAR med Bår Stenvik
Kva har atombomba, lyspæra og like-knappen til felles? Jo, dei er alle oppfinningar som forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som antibiotika, autotune, protesar og oppvaskmaskina. Bår Stenvik er journalist og har gjeve ut fleire prisvinnande bøker. Han snakkar engasjerande om kor oppfinningane kjem frå og kva som skjedde rundt dei.

Stord Bibliotek 14:00
FAMILIEYOGA med Skogens Ro Yogastudio
Etter ei veke med festivalarrangement passar ingenting betre enn ei roleg yogastund med Skogens Ro Yogastudio. Her kan du ta med deg heile familien til ei avslappande økt med yogalærar Anita Kehr. Dette er yoga som alle kan gjere enten om du er heilt ny til yoga eller har gjort det før.

Stord Kyrkje 19:30
Å, SIGNA NATT – Ine og Edvard Hoem
Far og dotter Hoem har opplevd stor framgang på kvar sine felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med bøkene om forfedrane hans som utvandra til Amerika, og Ine Hoem har på si side gjort stor suksess med smakfull og melodiøs visepop.

LØRDAG 11.11

Valenheimen, Sveio 11:00
SOLA OG MÅNEN – familieframsyning med gruppa TeARTig
Eit stykke om å væra annleis og godta seg sjølv slik ein er. Om å seire over sjalusi og sjå sin eigen verdi.
Stykket er basert på boka «Månen som ville lyse som ei sol» av Elin Grimstad.

Vindafjord bibliotek, Ølen 14:00
SOLA OG MÅNEN – familieframsyning med gruppa TeARTig
Eit stykke om å væra annleis og godta seg sjølv slik ein er. Om å seire over sjalusi og sjå sin eigen verdi.
Stykket er basert på boka «Månen som ville lyse som ei sol» av Elin Grimstad.