Seminar 2023
FALTURILTUSEMINARET 2023
Fredag 10.11 kl. 10:00 – 15:00 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord Frå 10:00 Registrering
10:20 OPNING – Å LESA OG SYNGJA SEG INN I DEMOKRATIET
Ved Svein Olav Langåker, redaktør for Framtida Junior og Pirion.
10:40 FAKTISK og POETISK Festivalforfattar Aina Basso står bak bøker som Inn i elden, Heksejakt og Dei dødsdømde. Basso tek utgangspunkt i faktiske forhold og skriv med eit lyrisk og presist språk for målgruppa barn og ungdom. I dette kåseriet deler ho litt om bakgrunnen sin og kva ho tenkjer om formidling og leseglede.
11:00 – 11:15 Kaffipause
11:15 KI og FALSK FRAMFERD? Kan KI/AI-verktøy som ChatGTP koma til å skriva om historia? Vil denne type verktøy erstatta tradisjonell kjeldebruk og svekka faktagrunnlaget for sakprosa? Kva skal då dei som er formidlarar lita på? Er det eigentleg noko større fare å nytta KI/AI enn det er å bruka skjønnlitterære kjelder?
Førsteamanuensis Pål Grønås Drange frå Universitetet i Bergen gjev oss ei kort innføring i generativ KI, før det vil bli ein samtale rundt tematikken. I samtalen deltek Pål Grønås Drange, forfattar Aina Basso og forfattar Asbjørn Rydland. Samtaleleiar er Camilla Kuhn, som er programsjef for barn og ungdom på Litteraturhuset i Oslo. Ein samtale om korleis fiksjon og verkelegheit påverkar kvarandre og om frykta rundt KI er opphausa.
12:15 – 13:00 Lunsj
13:00 KORT og GODT 6 ulike leseprosjekt som kan inspirera og skapa leseglede blir presentert:
-«LESEDIGG-KLUBBEN» – Hannah Belsvik Hansen og Svein Olav Langåker om å laga lesesirkel for barn.
-«NYNORSK FORMIDLING» – Nynorsk kultursentrum om korleis Aasentunet og Haugesenteret fremjar nynorsk i formidlingssamanheng.
-«BOKBAD» – Isabella Pareliussen/Heidi Fagna ved Nynorsksenteret om å la barn intervjue forfattarar.
-«AUKA LESELYST I BARNEHAGE» – Om FOU-prosjekt i Salomonskogen barnehage.
-«SKULEBIBLIOTEK FOR ALLE» – Siv Pettersen om å få lærarar til å lesa ungdomsbøker.
-«BOKSTART» – Sigrun Feiring frå Foreningen !Les om leseprosjektet Bokstart for dei små.
14:00 – 14:10 Kaffipause
14:10 MÅL OG MEINING – Barnebokkritikk sin panelsamtale. Barnebokkritikk er eit nettidsskrift for omtalar av barne- og ungdomsbøker.
Kva gjer kritikarane, avisredaktørane og forlaga for nynorsksaka? Finst det ein nedfelt eller uskriven politikk for kor mykje av kritikken som skal skrivast på nynorsk i redaksjonane, og kor mange kritikarar er parate til å veksla mellom målformene? Kva for ansvar blir lagt på aktørane for å bidra til at begge dei likestilte målformene våre er i bruk? Barnebokkritikk inviterer til målmedvits-samtale med ein kulturredaktør, ein forlagsredaktør, ein bokmålskritikar som er blitt tvunge til å skriva nynorsk av redaktøren sin, og ein polsk forleggar og nynorskelskar.
Panel: Jens Kihl (kulturredaktør i Bergens Tidende), Johanne Hille-Walle (redaktør i Vigmostad & Bjørke), Egon Låstad (kritikar i Empirix og Barnebokkritikk), Kasia Katarzyna Tykocka (Andersens forlag). Moderator: Ingvild Bræin (redaktør i Barnebokkritikk, litteraturkritikar i Dag og Tid og teaterkritikar i Bergens Tidende)
15:00 SLUTT