Falturiltu er inne i sitt tjuande år som festival, noko me sjølvsagt kjem til å feira. Til hausten vil festivalen vara i heile 10 dagar og omfatta ei rekkje høgdepunkt frå Falturiltu si mangfaldige historie.
Følg med her for programslepp utover august og september – me kan lova masse spennande!
I programmet finn du mellom anna:
Finn Erix
Linda Eide
Frode Grytten Beat Band
Marit Eikemo og Marita Aarekol
Spor av perlemor med Børsheim, Djønne og Lillegraven
Salmar på Falturiltu – Melk og honning – ein hyllest til Kenneth Sivertsen