Nok ein festival har gått inn i historiebøkene, og programrådet er så glade for alle dei gode tilbakemeldingane frå små og store. Ein av gjestene på festivalen var redaktør Ingvild Bræin i Barnebokkritikk.no, og hennar fine undringar finn du i artikkelen under. I rette Falturiltu-ånd skriv ho med masse humor og utan å vera sjølvhøgtidleg.

Me blir varme om hjarta for å ha slike gode og rause samarbeidspartnarar, og nyttar samstundes sjansen til å retta ein stor takk til dei som er nemnte i reportasjen: Dei frivillige som alltid gir alt for gjestene våre, Høgskulen på Vestlandet HVL som stod for seminar og bokbar, Veteranskipet M/S Sunnhordland som stod for innkvartering, og alle utøvarane som er så vilt gode til å gi av seg sjølve ❤️

Les heile saka på Barnebokkritikk sine sider