Tor Arve Røssland
Årets festivalforfattar er Tor Arve Røssland!
Tor Arve si skrivestove ligg på Halhjem i Bjørnafjorden kommune, der han over mange år har forfatta bøker for barn og ungdom. Mest kjent er han for science-fiction og spenningsbøkene sine, mellom anna Svarte-Mathilda- og Overleve-serien. Tor Arve er den forfattaren som er blitt nominert til U-prisen flest gonger – med heile fem nominasjonar for Årets ungdomsbok.
Når Tor Arve var liten las han mest teikneseriar, før han byrja å lesa romanar og skrekkbøker som 14-åring. I 1999 debuterte han som forfattar med boka Pode, som blei ein serie på fire bøker saman med illustratør Øyvind Torseter.
Tor Arve ville eigentleg bli filmregissør, men fann ut at det var kjekkare å skriva historier i bokform. Filmatiske grep er mykje nytta i spenningsbøkene hans, og han er oppteken av å bruka både visuelle og lydmessige element i formidlingane sine.
Festivalforfattaren er for tida aktuell med boka «Alt er lov» – ei forteljing om mot og spionasje under 2. verdskrig.
Til hausten kan du møta Tor Arve under årets festival frå 29. oktober til 7. november.