Einar Økland
Festivalforfattar 2013
Einar Økland er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur etter 1945, med ei uvanleg evne til å gå nye vegar. Økland har gjeve ut over 80 bøker i alle tenkelege sjangrar for barn, ungdom og vaksne. Han er ein av dei store fornyarane i norsk barnelitteratur, og har vunne fleire prisar, mellom anna Doublougprisen, Samlagsprisen, Brages ærespris og Gyldendalprisen.
Økland bur på Valestrand i Sveio og har bygd opp ei stor samling av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur og bruksgrafikk. Samlinga har vakse seg så stor at ho har fått nemninga «Økland-samlingane» og dette er no blitt del av utstillinga Den vesle manns kunst som er å finna på Sunnhordland museum i 2023.