Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn er ein prisvinnande nynorskforfattar som i 2025 er aktuell med biletboka Kva tenker du på?
Brynjulf Jung Tjønn vart adoptert til Feios i Sogn og Fjordane i 1983, og har sidan vore ei markant stemme i norsk litteratur. Han skriv på nynorsk og har gjeve ut bøker for barn, ungdom og vaksne. Tjønn har vunne fleire høgthengande prisar, mellom anna Brageprisen, Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris, Nynorsk litteraturpris og P2-lytternes romanpris.
I 2022 kom den kritikarroste diktsamlinga Kvit, norsk mann, som vart omtalt som «et vemodig, vitalt og nødvendig bidrag til samtidslitteraturen» av Aftenposten. I 2024 følgde han opp med Norsk kjærleik, og i 2025 er han aktuell med biletboka Kva tenker du på?, illustrert av Marianne Gretteberg Engedal.