Sunnhordland kammerorkester med Tor Arve Røssland og Stordøya kvedarlag
Sunnhordland kammerorkester samlar musikarar frå heile regionen – frå unge talent til røynde amatørar og profesjonelle – og er ein sentral del av det klassiske musikkmiljøet i Sunnhordland.
Under Falturiltu vil orkesteret opptre saman med Falturiltu sin festivalforfattar Tor Arve Røssland frå Kvinnherad til eit unikt samarbeid. På konserten får du høyra eit rikt utval av musikkstykke – mellom anna frå ein annan kvinnhering – komponist Knut Vaage. I hans komposisjon «I vrimmelen» møtest tradisjonell folkemusikk og samtidsmusikk, der songarar frå Stordøya kvedarlag blir med for å skapa den rette stemninga.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Sunde kyst- og litteratursenter og Falturiltu.