Salmar på Falturiltu – Melk og honning
Melk og Honning – ei musikalsk hyllest til Kenneth Sivertsen
I år er det 20 år sidan Kenneth Sivertsen gjekk bort. Som ein del av markeringa inviterer Falturiltu og stiftinga Remembering Kenneth til ein heilt spesiell konsert på Stord kulturhus.
Torsdag 29. oktober får publikum oppleva albumet Melk og Honning framført i sin heilskap. Albumet hadde ein særskild plass i Kenneth sitt hjarte, og gjennom denne konserten blir songane løfta fram for både gamle tilhengjarar og nye generasjonar lyttarar.
På scena står Salmer på pub-gjengen frå Osvald pub, Konserten er del av arbeidet til stiftinga Remembering Kenneth, som ønskjer å ta vare på og formidla den rike kunstnarlege arven etter Kenneth Sivertsen. Tidlegare i år arrangerte stiftinga ein utseld minnekonsert med svært god respons frå publikum, noko som viste kor stor betydning musikken hans framleis har.