Linda Eide med Ruth Lillegraven
Som alle veit – Linda Eide er hekta på språk – det held henne vaken om natta og i gang om dagen. Med boka «Livet er eit språksjov» tek ho publikum med inn i det overveldande språkuniverset ho er oppteken av.
Linda Eide blir bokbada av forfattar Ruth Lillegraven, og saman ser dei nært og stort på kva språket faktisk gjer med oss. Og kva det gjorde med familien til Linda – slik som Besto. Ho brukte språket på ein måte som folk i akademia brukar årevis på å analysera og definera og gi innvikla namn. Besto var verdsmeister i både svarabahktivokal, og metatese, utan å ha eit einaste studiepoeng. Ho sa varmå kaffi og at det blas frikst! Og det som den naturlegaste ting i verda.
Ei framsyning for alle som naturlegvis er glade i, plaga av, eller rett og slett er nyfikne på språket sitt!