Seminar 2017
FALTURILTUSEMINARET 2017
Tema: Barnelyrikk og barnebokkritikk
Stad: Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord – Store auditorium
Dato: Torsdag 9. november
Pris: 300,- (inkl. lunsj) – klikk her for påmelding
PROGRAM
10:00 Musikalsk innslag ved studentar frå Høgskulen på Vestlandet
Opning ved Tage Båtsvik – organisasjonsdirektør ved Høgskulen på Vestlandet
10:20 Bokbad – Aina Basso – i regi av Framtida.no
11:00 Svev og stev med festivalforfattar Per Olav Kaldestad
11:30 «Syng Morgonfrosken?» – utdrag frå ei musikalsk opplevingsløype laga av studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet
11:45 Lunsj
12:30 «Kva er diktkritikk?»
Samtale med forfattarane Ruth Lillegraven, Hans Sande og kritikar Eivind Myklebust. Ordstyrar er Ingvild Bræin. I regi av Barnebokkritikk.no
13:30 Lyrikkformidling ved Ragnhild Nabben frå Haugesenteret
13:50 Kaffipause
14:00 «Og jakka er av kjøttkaker» Anna Marta Vadstein frå Nynorsksenteret om songar, rim og reglar i barnehagen
14:20 «Bokslukerprisen/barn som kritikarar» ved Troels Posselt frå Foreningen !Les
ca. 15:00 SLUTT
Treng du overnatting?
Me kan tilby avtalepris til alle tilreisande på Grand hotell.
Kodeord: Falturiltu!
Enkeltrom kr 845,- per døgn inkludert frukost og moms
Dobbelt rom kr 1045,-
Transport til og frå Stord
Danish Air Transport – direktefly frå Oslo
Kystbussen – ekspressbuss Bergen – Stord – Stavanger
Skyss – buss/ hurtigbåtkorrespondanse frå Bergen lufthamn, Flesland
Utdrag frå det øvrige festivalprogrammet:
ONSDAG 8.11
18:00 Aulaen, Høgskulen på Vestlandet
«Syng Morgonfrosken?» Opplevingsløype med utgangspunkt i festivalforfattar Per Olav Kaldestad sine tekstar. Laga av studentar ved Høgskulen Campus Stord.
19:30 Stord bibliotek
«Agnes og Einar» Forfattarnaboane Agnes Ravatn og Einar Økland i samtale på biblioteket.
19:30 Konsertsalen på Stord vidaregåande skule
«Haustkonsert». Musikklina ved Stord vidaregåande sin årlege haustkonsert med blant anna tonesatte nynorske dikt.
TORSDAG 9.11
18:00 Kenneth Sivertsen-huset, Bømlo
20:30 Valenheimen, Sveio
«Det står til liv» Ei musikalsk-litterær framsyning med Siri Økland og Sigbjørn Apeland. I samarbeid med Remembering Kenneth stiftinga
18:00 Stord kulturhus
«Parr i hjarte» Stord kulturskule med Maria Parr!
19:30 SKL-bygget, Stord
«Franske favorittar» Vaksenbokkveld i regi av Stord mållag. Forfattarekteparet Ragnar Hovland og Tove Bakke i samtale med Hege Myklebust