4. – 10. november 2023
Profilbilde Aina Basso teke av fotograf Oda Berby

Aina Basso

Les meir

Promobilde Anna R. Folkestad av fotograf Bodil Haga

Anna R. Folkestad

Les meir

Portrettfoto av Erlend Apneseth Trio.

Erlend Apneseth Trio

Les meir

Portrett Erlend O. Nødtvedt av fotograf Elias Dahlen.

Erlend O. Nødtvedt

Les meir

Portrettfoto Frode Grytten av fotograf Helge Skodvin

Frode Grytten

Les meir

Portrettfoto Katrine Schiøtt av fotograf Geir Dokken.

Katrine Schiøtt

Les meir

Portrettfoto Frode Haltli av fotograf Knut Bry

Frode Haltli

Les meir

Profilbilde Good Time Charlie av fotograf Oddleiv Apneseth

Good Time Charlie

Les meir

Portrettfoto Heidi Marie Vestrheim av fotograf Jan Khür.

Heidi Marie Vestrheim

Les meir

Portrettfoto Trygve Seim av ECM.

Trygve Seim

Les meir

Seminar 2013

Falturiltu inviterer til seminar på
Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, 08.11.13:

Eg fann, eg fann!

Program

08:30     Kaffi, te, registrering

09:00     Opning. Dekan ved ALK, Hilde Steinmoen ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag.

09:30     Barnelitteratur! I alle storleikar! Skriv sjølv! (Ein rapport frå begge sider av spegelen)

Festivalforfattar Einar Økland er ein samlar. Han samlar både gjenstandar, ord og vendingar. Det har vore sagt om Økland at han har djup respekt for det alminnelege, folkelege, og djup forakt for snobberiet. Her fortel han om eigen forfattarskap for born og unge.

10:15     Pause

10:30     Kinder sorpresa.  Erfaringar med bildeboksjangeren som byr på tredelt oppleving:
Ei overrasking, ei utfordring og noko som er godt.

Akin Duzakin har heilt sidan 1990-talet illustrert ei rekkje bildebøker skrivne av mange ulike forfattarar, inkludert to han har skrive teksten til sjølv. I år er han aktuell med fleire bildebøker, m.a. i samarbeid med Liv Marie Austrem.

11:15     Lunsj

12.15     «Takk og pris for rasjonaliteten, uten den måtte vi tenke selv!» – Alexander Kielland, De Fire Store.

Øystein Runde har laga to bøker med fjollete og historisk grundige actionkomediar, De Fire Store, ei samlebok om superhelten Bjartmann, ei vikingsoge om Olav Sleggja, ei barnebok om Elefanten Tommy og ein familiekrønike, Margarin. Han skal snakka om kvifor det er så kult å laga teikneserieroman, og om korleis feltet kjem til å utvikla seg framover.

13:15     Pause, kaffi

13:30     Å laga bildebok for skjerm – å forstå eit nytt medium og finna forma på eit samarbeid mellom dei forskjellige fagfelta

Åshild Kanstad Johnsen har laga tre bildebøker for barn: Kubbe lager museum (2010), Kubbe lager spetakkel (2011) og Kubbes album om alt (2013). Den siste er laga som e-bok.

14:30     Slutt

Meld deg på tilkristine.thorkildsen@stord.kommune.noPåmeldingsfrist: 2. november

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad

Seminaravgifta på 250 kroner inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt.