Program 2020
LAURDAG 31. OKTOBER
11:00 og 12:15 Stord bibliotek
Bok og fiskebolle
med Anna R. Folkestad
Få ein smakebit av den nye boka Fiskebolleboksraketten til Anna R. Folkestad som kjem til neste haust!
SUNDAG 1. NOVEMBER
14:00 og 15:00 Stord hestesportsenter, Tyse
Stallturiltu med Malin Hellebø
Underhaldande og lærerike fakta om dyr. Malin Hellbø er kjent frå NRK Super sitt program Dyrevenn og kjem til Stallturiltu med den splitter nye boka Inn i munnen. Etterpå blir det rideoppvisning!
16:00 Hauglandskvedno
Falturiltur: Ulvestova
Få med deg familien ut på tur til Hauglandskvedno! Parkering ved Vad. Turen inn til Hauglandskvedno tek omtrent ein halv time ved roleg gange, så kom i god tid. Atle Hansen les frå boka Ulvestova som handlar om lokale myter. Ta med varme klede og lys.
MÅNDAG 2. NOVEMBER
19:00 Stord kyrkje
Svein Tindberg // Atle Hansen
Falturiltu, SunnBok og Stord sokneråd inviterer til ein kveld med Svein Tindberg og Atle Hansen. Svein Tindberg les og leikar med tekstar frå Bibelen, sine eigne bøker, samt fortel om stykket «I slik ei natt» som han har skrive for Moster Amfi. Falturiltufestivalforfattar Atle Hansen framfører kjende salmar på nynorsk på sin eigen måte, akkompagnert av Ian Kolstad og Frode Hammersland.
19:30 Haugesund folkebibliotek – 100,-/50,-
Bokbad: Sigrid Agnethe Hansen og Anders Totland
Måndag 2. november ønskjer Haugesund folkebibliotek og Falturiltu velkomen til bokbad med Sigrid Agnethe Hansen og Anders Totland, to av dei mest omtala, aktuelle og kritikarroste ungdomsbokforfattarane i 2020. Ingrid Birgitte Viland, lektor i norsk på Vardafjell videregående skole, vil leia samtalane med dei to forfatterne. I samarbeid med Haugesund folkebibliotek
TYSDAG 3. NOVEMBER
18:00 Stord folkebibliotek
Klodeklubben og Miljøagentane
Klodeklubben er ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Miljøagentane har invitert Ruth Lillegraven til biblioteket for å snakka om miljøskurkar. I samarbeid med Stord folkebibliotek.
19:30 Stord kulturhus, storsalen
Ein kveld med Tore Renberg
Den varme, forunderlege og morosame førestillinga Tore Renberg har turnert land og strand med dei siste fem åra er tilbake i ny drakt. Om du enno ikkje har sett multikunstnaren frå Stavanger på scenen, grip sjansen no! Med seg på scenen har han gitaristen Alexander Flotve. I samarbeid med Stord mållag
ONSDAG 4. NOVEMBER
18:00 Stord kulturhus, storsalen
21:00 Stord kulturhus, storsalen
Odd Nordstoga – Fatig ferdamann på tur
Med eit nytt album i beltet dreg Odd Nordstoga i haust ut på ein turne ulikt det han nokon gong har gjort før. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle. Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert på verdas største nynorske litteraturfestival!
TORSDAG 5. NOVEMBER
19:00 Stord folkebibliotek
Krim frå Voss – bokbad med Randi Fuglehaug
Journalist og forfattar Randi Fuglehaug kom ut med krimboka Fallesjuke tidlegare i år som er inspirert av eit ekte stunt under Ekstremsportveko på Voss. Fuglehaug har òg skrive bøker for barn med vanskelege tema som flukt og kreft. Samtalen blir leia av Kristine Thorkildsen og Camilla Ruhs frå Stord folkebibliotek
FREDAG 6. NOVEMBER
20:00 Arena scene, Bakeriet Frugård, Leirvik sentrum
«HO TOK MED SEG BILEN
og sette sykkelen igjen til meg»
Atle Hansen og Bømlablues med doo-wopdamene MaMa K + Ragnar Hovland.
Møt hakkande galne bømladamer, einsame menn på veg heim frå pubben med svarte hundar hakk i hel, kjærleik som går i knas, menn på villstrå som leitar etter skorne sine, ei frå Rubben som likna på Hayley Mills, kjærasten som tok snøggbåten til Sunde og ei som drog med siste bussen heim til Bømlo, og mange andre gamle kjenningar i dette showet med nyskrivne tekstar lauseleg basert på kjende songar frå blues og rockhistoria og heilt nyskrivne songar i tillegg.
PROGRAM MED SKULEBESØK OG EKSTERNE ARRANGEMENT:
LAURDAG 31. OKTOBER
HAUGESUND:
12:00 Haugesund folkebibliotek
Malin Hellebø med Inn i munnen
13:00 Haugesund folkebibliotek
Malin Hellebø med Dyras beste sjekketriks
SUNDAG 1. NOVEMBER
TYSVÆR:
11:00 Tysværtunet, bLEST litteraturfest
Malin Hellebø med Inn i munnen
12:00 Tysværtunet, bLEST litteraturfest
Malin Hellebø med Dyras beste sjekketriks
MÅNDAG 2. NOVEMBER
STORD:
Luftige sprell med Skinkeape og Hansemann
Med Hans Sande og Marianne Gretteberg Engedal
09:00 Rommetveit skule, 3. trinn
10:30 Hystad skule, 3. trinn
12:30 Hystad skule, 3. trinn
Grøss og gru med Selma Lønning Aarø
09:15 Nysæter US, 10. trinn – digitalt
Absolutt Pode med Tor Arve Røssland
10:30 Hystad skule, 2. trinn
12:20 Rommetveit skule, 2. trinn
2 Hansen og 1 band – bokbad med Atle Hansen og Sigrid Agnethe Hansen
10:30 Stord kulturhus for Nysæter US, 9. trinn
13:00 Nordbygdo US, 9. trinn
ETNE:
Forfattarturné: Ruth Lillegraven
10:00 Skånevik skule, 3. trinn
12:00 Etne bibliotek, 4. trinn
12:50 Etne bibliotek, 3. trinn
Forfattarturné: Malin Hellebø
10:00 Skånevik skule, 5. og 6. trinn
12:00 Enge skule, Etne, 5. trinn
12:50 Enge skule, Etne, 6. trinn
FITJAR:
Pølsetjuven med Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk
09:00 Rimbareid skule, amfiet (1A og 1B)
11:50 Øvrebygda skule, gymsal (1. og 2. trinn)
TYSDAG 3. NOVEMBER
STORD:
Forfattarmøte med Ane Barmen
09:05 Nordbygdo US, 10. trinn – digitalt
10:30 Nordbygdo US, 10. trinn – digitalt
12:00 Nordbygdo US, 10. trinn – digitalt
Pølsetjuven med Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk
Leirvik skule, Gymsal
09:15 Leirvik skule, 2. trinn (33 elevar)
10:30 Leirvik skule, 1. trinn (30 elevar)
12:15 Leirvik skule, 1. trinn (30 elevar)
2 Hansen og 1 band – bokbad med Atle Hansen og Sigrid Agnethe Hansen
10:30 Nordbygdo US, 8. trinn
12:30 Stord kulturhus, for Nysæter US 8. trinn
Luftige sprell med Skinkeape og Hansemann
Med Hans Sande og Marianne Gretteberg Engedal
11:00 Stord bibliotek for Leirvik skule, 3. trinn
12:30 Stord bibliotek for Leirvik skule, 3. trinn
Absolutt Pode med Tor Arve Røssland
09:00 Tjødnalio skule, 2. trinn
11:00 Litlabø skule, 2. trinn
12:15 Sagvåg skule, 2. trinn
Fitjar:
Forfattarturné: Ruth Lillegraven
09:00 Selevik skule, 1. – 4. trinn
11:40 Rimbareid skule, 4A
12:25 Rimbareid skule, 4B
Tysnes:
Forfattarturné: Malin Hellebø
11:20 Onarheim skule, 1. – 3. trinn med Inn i munnen
12:20 Onarheim skule, 4. – 6. trinn med Dyras beste sjekketriks
ONSDAG 4. NOVEMBER
STORD:
Forfattarmøte med Malin Hellebø
09:15 Litlabø skule, 1. trinn
10:40 Sagvåg skule, 1. trinn
12:15 Tjødnalio skule, 1. trinn
Pølsetjuven med Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk
Langeland skule, Gymsal
09:45 2. trinn, 48 elevar
11:30 1. trinn, 33 elevar
12:30 1. trinn, 30 elevar
Luftige sprell med Skinkeape og Hansemann
Med Hans Sande og Marianne Gretteberg Engedal
10:15 Langeland skule, 3. trinn
11:45 Langeland skule, 3. trinn
13:00 Langeland skule, 3. trinn
Klassikartimen: Sikk-sakk. Med Einar Økland og Atle Hansen
10:30 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
Fitjar:
Forfattarturné: Magnhild Bruheim
09:00 Øvrebygda skule, mellomtrinnet
10:25 Rimbareid skule, 7A
12:00 Selevik skule, mellomtrinnet
KVINNHERAD:
Forfattarturné: Ruth Lillegraven
09:45 Halsnøy skule – 2. trinn
10:45 Undarheim skule – 4. trinn
KARMØY – KULTURSKRINET:
Forfattarmøte med Ane Barmen
08:25 Bø US, 9. trinn – digitalt
09:40 Bø US, 9. trinn – digitalt
11:10 Bø US, 9. trinn – digitalt
Forfattarmøte med Tor Arve Røssland
09:10 Stangeland US, 8. trinn
10:15 Stangeland US, 8. trinn
11:30 Stangeland US, 8. trinn
12:45 Stangeland US, 8. trinn
Forfattarmøte med Selma Lønning Aarø
09:10 Åkra US, 9. trinn – digitalt
10:15 Åkra US, 9. trinn – digitalt
11:30 Åkra US, 9. trinn – digitalt
12:45 Åkra US, 9. trinn – digitalt
TORSDAG 5. NOVEMBER
STORD:
10:00 – 14:30 Høgskulen på Vestlandet, Store auditorium
FALTURILTUSEMINARET 2020
Årets seminar er kun for studentar ved HVL grunna smittevernstiltak
Illustratørverkstad med Skinkeape aka Marianne Gretteberg Engedal
12:00 – 13:30 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
Bokband med Anders Totland, Stord VGS
11:00 Stord kulturhus, storsalen
13:00 Stord kulturhus, storsalen
Språk og gjendikting med Tove Bakke
13:50 Stord VGS
BØMLO:
Pølsetjuven med Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk
Våge skule
Hillestveit Skule
KARMØY – KULTURSKRINET:
Forfattarmøte med Ane Barmen
09:10 Vormedal US, 10. trinn – digitalt
10:00 Vormedal US, 10. trinn – digitalt
10:50 Vormedal US, 10. trinn – digitalt
12:30 Vormedal US, 10. trinn – digitalt
Forfattarmøte med Tor Arve Røssland
09:10 Åkra US, 8. trinn
10:15 Åkra US, 8. trinn
11:30 Åkra US, 8. trinn
12:45 Åkra US, 8. trinn
Forfattarmøte med Selma Lønning Aarø
09:10 Bø US, 9. trinn – digitalt
10:15 Bø US, 9. trinn – digitalt
11:30 Bø US, 9. trinn – digitalt
12:45 Bø US, 9. trinn – digitalt
HAUGESUND:
Språk og gjendikting med Tove Bakke
08:05 Skeisvang VGS
FREDAG 6. NOVEMBER
STORD:
Luftige sprell med Skinkeape og Hansemann
Med Hans Sande og Marianne Gretteberg Engedal
09:15 Litlabø skule, 3. trinn
10:40 Sagvåg skule, 3. trinn
12:15 Tjødnalio skule, 3. trinn
Papelina med Randi Fuglehaug
09:00 Rommetveit skule, 1. trinn
10:30 Hystad skule, 1. trinn
12:00 Hystad skule, 1. trinn
Fagdura seminar
Høgskulen på Vestlandet
11:30 -12:45 Atle Hansen
13:00 – 13:45 Anna R. Folkestad
Språkkafé med Tove Bakke
12:30 Stord folkebibliotek
ETNE:
Pølsetjuven med Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk
Skånevik skule
Etne Skule
FITJAR:
Forfattarmøte med Magnhild Bruheim
10:25 Rimbareid skule, 10A
11:40 Rimbareid skule 10B
KARMØY – KULTURSKRINET:
Forfattarmøte med Tor Arve Røssland
09:10 Skudenes US, 8. trinn
10:15 Skudenes US, 8. trinn