2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Program 2013

 Laurdag 2. november

13.00: Galleri Giga.  Falturiltu-utstilling Illustrasjonar frå Økland sine tidlege barnebøker.  Kari Bøge, Wenche Øyen, Oddvar Torsheim og Gerhard Stoltz. Opning ved Per Olav Kaldestad. Gratis

14.00 – 15.00: Rundtom på Leirvik.  Lydinstallasjonen «Ny norsk nynorsk». Installasjonen vart laga av Gyrid Nordal Kaldestad og Are Lothe Kolbeinsen i 2007, og har sidan turnert store deler av landet. «Ny norsk nynorsk» er eit møte mellom tekstar av Arnt Birkedal, Ragnar Hovland, Hans Sande og Per Olav Kaldestad og musikk/lyd av Gyrid og Are. Under Falturiltu 2013 kjem Gyrid og Are til å dukke opp ulike stader på Leirvik for å presentere installasjonen for publikum. Sjå etter eit lite bord og to blide luringar som deler ut hovudtelefonar med dikt og musikk!

OBS! Stord kulturhus, foajeen: Eg fann, eg fann! Smykkeutstilling laga av elevar ved Fitjar vidaregåande skule, VG1 design og handverk. Utstillinga heng heile veka.

Sundag 3. november

15.30 – 16-.30: Stord kulturhus, foajeen.  Lydinstallasjonen «Ny norsk nynorsk». Sjå etter eit lite bord og to blide luringar som deler ut hovudtelefonar med dikt og musikk!

17.00: Falturiltufest, Stord kulturhus, kinosalen. Opning av Falturiltu og utdeling av Falturiltuprisen 2013. Opplesing ved festivalforfattar Einar Økland. Førestillinga «Gabba Gabba Hey» med Frode Grytten og Mads Berven. Hanne Bramness les. Dans ved Magdalena From Delis. Jentekoret Aspane syng.   Barn 100 kr / Vaksne 200 kr / Familie 500 kr.  Kjøp billett på nett!

Måndag 4. november

11:00: EG FANN, EG FANN!  Stord kulturhus, kunsthallen.  Ordførar Liv Kari Eskeland opnar utstilling laga av tredjeklassingar i Stordskulen. Utstillinga er inspirert av Einar Økland sine barnedikt. Gratis

15.30, Amfi Stord. Elevar på drama, musikk og dans ved Stord kulturskule har gått saman i grupper og lete seg inspirere av Einar Økland sine dikt. Dei vil framføra resultatet på ulike stader på Leirvik. Første stunt blir framført på Amfi kl 15.30.

17.00: Bursdagsfest, Stord kulturhus. Kunsthallen. I samarbeid med Aasentunet og Språkåret feirar me Ivar Aasen og alle som har bursdag i veke 45.  Martine Grande les og viser film.  Kake (Magnhilds temakaker står for kakene!), saft og kaffi. Gratis

19.00: Måndagsklubben, Stord kulturhus.  For medlemmane. Atle Berge les frå Monsterboka (skald forlag) 

Tysdag 5. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Atle Hansen: Langeland skule (8.45 og 9.45) Sagvåg skule (11.30) 30 kr 

12.15: Musikklunsj, HSH Rommetveit, kantina. Musikkstudentar ved Høgskulen Stord/Haugesund framfører nye melodiar til tekstar av Einar Økland. Opplesing ved Einar Økland. Gratis

17.00: Ballturiltu. Bok- og fotballfest på Vikahaugane. FK Haugesund-profilen Eirik V. Mæland held inspirerande fotballøkt på kunstgrasbanen. Kirsti Lund Skorpen og Sirilin Aaserud Hystad les. Stig Elvis Furset fortel om gode nynorske barnebøker.  Kaker, saft og flotte bokpremiar! Barn 100 kr / Vaksne 150 kr. Kjøp billett på nett!:

Onsdag 6. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Helga G. Eriksen: Stord folkebibliotek (10.00, 11.00 og 12.00)  30 kr

 09.00,10.00 og 10.45: Samledag på Sunnhordland museum. Storsamlar og festivalforfattar Økland vil her lesa for skulelevar og snakka om si samlarinteresse. Elevane vil også få sjå utstillinga 100 år 100 ting, som er ei jubileumsutstilling i høve museet sitt 100 års jubileum i 2013. 30 kr

10.00 og 11.30 Stord kulturhus, kinosalen: Eg er Lisa, eg er fin. Ei barneførestilling av og med Atle Hansen og Magdalena From Delis. 50 kr

18.30: Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. «Walkman – Musikkalenderen». Ein opera med utgangspunkt i «Walkman» av Einar Økland. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH. Barn 50 kr  / Vaksne 100 kr

19.00: Stord kyrkje. Temakveld med Einar Økland og jazzkvartett. Ole Jacob Hystad (sax), Eivind Austad (piano), Tarald Tvedten (trommer) og Sigurd Ulveseth (bass). Samarbeid mellom Falturiltu og Stord sokneråd. 150 kr
19.30: Onsdagsklubben, Stord kulturhus.  For medlemmane. Atle Berge les frå Monsterboka (skald forlag) 

Torsdag 7. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Sunniva Relling Berg: Fitjar folkebibliotek (09.00) Nysæter ungdomsskule  (10.55) Nordbygda ungdomsskule (12.30). Helga Gunerius Eriksen. Sagvåg skule (8.45) Litlabø bibliotek (12.00)  Anna R. Folkestad: Tjødnalio skule (10.00, 11.00 og 12.00). Per Olav Kaldestad og Bente Bing Kleiva: Leirvik skule (12.00 og 12.45) 30 kr

10.00 og 13.00: Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. «Walkman – Musikkalenderen». Ein opera med utgangspunkt i «Walkman» av Einar Økland. Bearbeidd og komponert av studentar ved HSH. Barn 50,- / Vaksne 100,- 

12.00 – 13.00: Galleri Giga. Lydinstallasjonen «Ny norsk nynorsk». Sjå etter eit lite bord og ein blid luring som deler ut hovudtelefonar med dikt og musikk!

18:00: Kulturskulekonsert, Stord kulturhus, kinosalen. Enkeltelevar og grupper frå teater, dans og musikk. Det vil mellom anna bli presentert tekstar av festivalforfattaren. Barn 50,- / Vaksne 100,-. Kjøp billett på nett: http://stord.kulturhus.no/

19.00: Gruvekrim i heishuset på Litlabø. Stord mållag presenterer kollektivpseudonymet John Donner (ved Ragnar Hovland, Einar Økland og Per Olav kaldestad) og vinnaren av Sunnhordlandslåten 2013. 50 kr

Fredag 8. november

08.30-14.00: Skulebesøk. Atle Berge: Rommetveit skule (09.00 og 10.00).Tor Arve Røssland: Nordbygda ungdomsskule (09.05) Stord ungdomsskule (11.00 og 12.00). Kari Stai: Fitjar folkebibliotek (09.00 og 10.00) 30 kr

09.00-15.00: Seminar på Høgskulen, Store auditiorium. Tema: EG FANN, EG FANN! Einar Økland, Akin Duzakin, Øystein Runde, Åshild Kanstad Johnsen. Seminarleiar: Per Olav Kaldestad.

12.00: Bok & Beibi, Kringla Konditori. Kari Stai med bokkafé for dei yngste. 10 kr

12.00 – 13.00: Galleri Giga. Lydinstallasjonen «Ny norsk nynorsk». Sjå etter eit lite bord og ein blid luring som deler ut hovudtelefonar med dikt og musikk!

20:00: Arena. Finn-Erix m/ gjestene Are Kalvø, Oddvar Torsheim og Einar Økland. Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mykje på grunn av besetninga – stoveorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Trioen har spesialisert seg på humoristiske tolkingar av pop og rockklassikarar, og repertoaret spenner frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. Finn Tokvam, song og rytmeegg, Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks, Halvor Folgerø, fagott. Opplev dei saman med ei gullrekke av gjesteartistar!  Dørene opnar kl 19. 250 kr  Utseld!