Falturiltu feirar tjue år som festival med lokale Tor Arve Røssland som festivalforfattar! Tor Arve si skrivestove ligg på Halhjem i Bjørnafjorden kommune, der han over mange år har forfatta bøker for barn og ungdom. Mest kjent er han for science-fiction og spenningsbøkene sine, mellom anna Svarte-Mathilda- og Overleve-serien.

Tor Arve er den forfattaren som er blitt nominert til U-prisen flest gonger – med heile fem nominasjonar for Årets ungdomsbok.

Når Tor Arve var liten las han mest teikneseriar, før han byrja å lesa romanar og skrekkbøker som 14-åring. I 1999 gav han ut si første bok om Pode, som blei ein serie på fire bøker saman med illustratør Øyvind Torseter – som har designa årets nydelege festivalplakat.

Tor Arve ville eigentleg bli filmregissør, men fann ut at det var kjekkare å skriva historier i bokform. Filmatiske grep er mykje nytta i spenningsbøkene hans, og han er oppteken av å bruka både visuelle og lydmessige element i formidlingane sine, noko som blir spegla under Falturiltu.

Festivalforfattaren er for tida aktuell med boka «Alt er lov» – ei forteljing om mot og spionasje under 2. verdskrig. Frå 29. oktober til 7. november kan du møta Tor Arve under årets festival der han mellom anna vil delta saman med Sunnhordland kammerorkester, Linda Eide, Ingelin Røssland med fleire.

Les meir om Tor Arve i Framtida junior sitt underhaldande intervju publisert 14. september.