Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og POETISK.

Me gler oss til å oppleva Aina Basso både på scena og i skulen! Ho vil blant anna fortelja om dødsstraffa i Noreg og andre historiske skikkelsar. Ho er rett og slett ei glitrande formidlar med særs fin røyst.

Prisvinnande forfattar
Basso fekk i 2022 tildelt Samlagsprisen, der juryen påpeika at «Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skriva historiske romanar frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia». Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk. For ungdomsromanen Inn i elden blei Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris. Ho har dei seinare åra skrive bøker om heksejakt i Europa og korleis det var å vera eit uønska barn i Kristiania under hundreårsskiftet. Dei dødsdømde, som kom ut i fjor blei òg nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for barn og unge.

Badnajazz
Allereie i april opptredde Aina på Vossa Jazz med Frode Haltli og Trygve Seim under Badnajazz i Voss kulturhus laurdag 1. april. Saman med ein fullstappa godtepose av velsmakande artistar – Falturiltu er alltid glade for å vera ein del av dette programmet.