2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Tilbake

Ragnar Hovland

Festivalforfattar 2012

Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn. Han har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og Bastianprisen.

Hovland sin katalog har mange skattar, mellom anna Ei vinterreise, Elefantmusikken, Fredlaus og Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet Pappkartongen. Hovland har òg omsett fleire bøker, og fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin omsetjarpris for boka Den siste sjørøvaren av Mats Wahl.