29. okt. – 7. nov. 2026
Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Profilbilde Ingelin Røssland av fotograf Lars Myhren Holand

Ingelin Røssland

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

TAUS. Foto: Aleksandra Suchkova

TAUS

Les meir

Tilbake

Marianne Gretteberg Engedal

Festivalforfattar 2024

Marianne Gretteberg Engedal (òg kjent som Skinkeape) er ein av to festivalforfattarar på Falturiltu 2024 som fekk ekstra fokus.

Marianne er illustratør, barnebokforfattar og kokk frå Haugastøl. Ho kom som eit friskt stjerneskot inn i litteraturverda med bildeboka Pølsetjuven i 2019. Denne vann Kulturdepartementet sin bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris, og er blitt omsett til fleire språk. Fortellinga om Kjell og tjuvefamilien heldt fram i Polititjuven (2021) og Verdas rikaste tjuv (2023).

Forutan sine eigne bøker så har Marianne illustrert bøker for fleire forfattarar under sitt pseudonym Skinkeape. Tidleg Hans Sande-bøkene Arkimedes og appelsinskrellaren (2023) og Arkimedes og vindmølla (2020). Saman med Mariko Miyata-Jancey laga Marianne boka Mieko danser (2023) som var ein av NORLA sine fokustitlar hausten 2022. Dei seinaste bøkene Marianne har illustrert er Ridderne og det store bålet av Bjørn F. Rørvik, og Tone saman med Ane Barmen.

I 2025 er Marianne aktuell med biletboka Kva tenker du på?, skriven av Brynjulf Jung Tjønn.