Kari Stai
Festivalforfattar 2018
Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob i 2008. Boka fekk ei strålande mottaking, og Stai blei heidra med debutantprisen til Kulturdepartementet. For den andre boka i serien – Jakob og Neikob: Tjuven slår tilbake – fekk Stai Brageprisen og Kritikerprisen.
I tillegg til dei sju bøkene om Jakob og Neikob har Stai gjeve ut fleire bildebøker, slik som peikebøkene Mopp & Mikko og Er det sant at som kom ut i 2023.
For sitt kunstnarlege arbeid med barn blei Kari Stai tildelt Teskjekjerringprisen i 2022.