Husdraumar – om forlatne heimar og dei som levde der
Fitjar sogelag får besøk av fotograf Marita Aarekol som har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der.
Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
Etter føredraget vil Bård Inge Bø og Håkon Særbø Rydland fortelja om restaureringa på Langøya, og Bente Bjelland vil introdusera arbeidet med Fitjar kommune sin nye kulturmiljøplan.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Fitjar sogelag, Fitjar kommune og nynorskfestivalen Falturiltu.
Billettar: 100 kroner (Vipps i døra) – gratis kaffi.