Redaktør Ingvild Bræin i Barnebokkritikk.no set søkelyset på kva ein kan undra seg over når ein er på ein sympatisk festival, og kva nynorsken sin status er både blant kritikarar og forleggarar. I rette Falturiltu-ånd skriv ho med masse humor og utan å vera sjølvhøgtidleg.

Me blir varme om hjarta for å ha slike gode og rause samarbeidspartnarar, og nyttar samstundes sjansen til å retta ein stor takk til dei som er nemnte i reportasjen: Dei frivillige som alltid gir alt for gjestene våre, Høgskulen på Vestlandet HVL som stod for seminar og bokbar, Veteranskipet M/S Sunnhordland som stod for innkvartering, og Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes for å berre vera så vilt gode til å vera seg sjølve ❤️

Les heile saka på Barnebokkritikk sine sider