På tampen av 2024 fekk Falturiltu sitt programråd ei veldig hyggeleg melding frå Utval for oppvekst og kultur i Stord kommune, dei har nemleg tildelt Falturiltu Målprisen for 2024!

Grunngjevinga frå nemnda for målprisen er så fin at me må ta den med her:

«Falturiltu; ein nynorsk litteraturfestival har sidan 2007 blitt ein nynorsk litteraturarena for alle aldrar. Det har gjennom åra vekse frå å vera ein lokal litteraturfest til å bli ein litteraturarena med nasjonalt omfang. Falturiltu løftar fram nynorsk på ein kreativ og inkluderande måte. Litteraturfestivalen har med seg
samtidsaktuell og tradisjonsrik tekst og musikk. Falturiltu har ein stor påverknad på lokalsamfunnet og får nynorsk satt på dagsorden. Dei har opplegg med barne- og ungdomsskulane i kommunen, Stord vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet samt arrangement for resten av lokalbefolkninga utanom. Dette er ein festival for alle uavhengig av alder og interesser, som sett nynorsk i fokus.»

Programrådet til Falturiltu er stolt og glad, og rettar vidare ein stor takk til alle dei mange som har delteke på festivalen gjennom åra, enten som utøvarar, frivillige, publikum eller samarbeidspartnarar. De er alle i våre nynorske hjarte.

Målprisen 2024