Åshild Irgens
Åshild Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlestbøker, blant anna for Maria Parr, Laura Djupvik, Sigmund Løvåsen og Johan B. Mjønes. Åshild har hovudfag frå Kunsthøgskulen i Oslo, der ho er busett. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Parr si bok Tonje Glimmerdal.
Til Falturiltu 2024 kjem ho saman med Maria Parr for å formidla frå boka Oskar og eg, som er nominert til Nordisk råds barnelitteraturpris.