
Heim med Joni – hyllest til Joni Mitchell
HEILHUSFESTIVAL 6.-8. NOVEMBER. FESTIVALPASS I SALG NO. 18-ÅRS ALDERSGRENSE.
I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I år kjem den legendariske artisten heim til Vestlandet med ein stor hyllingskonsert!
Joni Mitchell laga ei rekke kvalitetshits i si nær 50 år lange karriere som plateartist, og dette er sjansen til å få høyra eit knippe i nynorsk språkdrakt.
Forfattarar som Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland har gjendikta nokre av Joni Mitchell sine aller finaste songar.
Mitchell, som har inspirert artistar verda over, kjem til å bli ståande som ei av dei store i moderne populærmusikk. Ho er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og musikkmagasinet Rolling Stone kallar Mitchell «ein av dei største låtskrivarane nokonsinne».
Høyr nokre av Vestlandet sine beste utøvarar traktera Joni Mitchell sine nydelege låtar. Denne konsertframsyninga har gått for fulle hus på m.a. Vossa Jazz og Poesifestivalen
Medverkande:
Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel, vokal
Sigbjørn Apeland – tangentar, vokal
Halvor Folgerø – bass, vokal
Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal
Kåre Opheim – perkusjon, vokal
Sjur Folgerø – gitar
Åse Britt Reme Jakobsen – vokal
Kjersti Mjør – forteljar