
Falturiltuseminaret
Torsdag 6.11 kl. 10:00 – 15:00 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord Seminarrom: UND160 Påmeldingsfrist: 30. oktober
Frå 09:45 Registrering
10:10 OPNING – TID FOR LESING
10:20 LESELØFT – KORLEIS SKAPA EIN GOD LESEKULTUR I SKULEN OG PÅ FRITIDA Stord er ein av mange kommunar i landet der elevane ikkje meistrar lesing godt nok. I denne samtalen spør me om lærarane har gode nok verktøy og rammer, om tidleg innsats og strukturert leseopplæring verkar, og korleis skulebibliotek, heimesamarbeid og lokale tiltak kan byggja ein varig lesekultur.
Me diskuterer prioriteringar som kompetanseheving, ressursar til skulebibliotek, kvalitet i læremiddel, forfattarbesøk og formidlingsmetodar. Målet er klart: å forstå korleis me kan snu utviklinga – slik at elevane kan bli best i klassen.
I panelet: Moncia Gundersen Mitchell (førsteamanuensis Universitetet i Stavanger, ansvarleg for Tid for lesing), Ingelin Petterteig (lærar, Tjødnalio skule), Ingrid Leithaug Mjanger (bibliotekar og koordinator for skulebiblioteka i Bømlo kommune) og Marte Tovsrud Syverinsen (biblioteklærar ved Tøyen skole). Samtalen blir leia av Stiftelsen LESE.
11:20 – 11:30 Kaffipause
11:30 BARNEBOKKRITIKK SER PÅ UNGDOMSLITTERATUREN SI KRAFT Ungdomsbokforfattarane Andrea Rudland Haave, Therese Garhol Syversen og Ingelin Røssland skriv alle om utagerande åtferd, jaget etter status og vald i nære relasjonar. Har generasjonen som veks opp no ekstra store utfordringar, eller er det berre slik ungdomstida alltid har vore?
Korleis kan ein bruke dette på ein god måte i formidlinga? Føler forfattarane på at det dei skriv eller formidlar fører til ei endring hos målgruppa? Moderator er Helge Holgersen, førsteamanuensis ved Institutt for klinisk psykologi ved UiB.
12:30 – 13:15 Lunsj
13:15 SNILL OG LITT VILL? Festivalforfattar Anna R. Folkestad blir intervjua av redaktør Elen Betanzo frå Samlaget. Anna Folkestad har med sin varme humor, distinkte karakterar og visuelt særpreg skapa seg ein solid plass i den nynorske barnelitteraturen, etter at ho debuterte med boka Henrik And i 2011. Året etter fekk Anna tildelt Nynorsk litteraturpris for Unni og Gunni reiser, som blei ein serie på tre bøker. Anna har sidan gjeve ut fleire solide bildebøker og formidla over store deler av landet, og var del av Falturiltu sitt programråd i perioden 2016-2022.
13:50-14:00 Kaffipause
14:00 KORT og GODT Fleire ulike leseprosjekt som kan inspirera og skapa leseglede blir presentert:
-«LESEVEKE-PROSJEKT» Lærar Anette Thoresen frå Rommetveit skule fortel om leseveka dei arrangerer under Falturiltu-festivalen.
-LESEKLUBB FOR BARN – ENKLARE ENN DU TRUR. Heidi Fagna, høgskulelektor ved Nynorsksenteret fortel om erfaringar med leseklubb for barn på biblioteket i Volda.
-«DET ÅRET EG VAKNA – INNGANGAR TIL KLIMA OG NATURFORSTÅING. Høgskulelektor Jorid Saure ved Nynorsksenteret fortel om undervisingsopplegget basert på den nyaste boka til Sigri Sandberg.
-«LESEKLUBB FOR UNGDOM» Korleis skapa eit lesefelleskap for ungdom? Med bibliotekar og koordinator for skulebiblioteka i Bømlo kommune, Ingrid Leithaug Mjanger.
15:00 SLUTT
Endringar kan førekoma i programoversikta.
Seminaret blir arrangert av Høgskulen på Vestlandet, Falturiltu, Barnebokkritikk og LNK, med gjester frå Stiftelsen LESE, Nynorsk kultursentrum, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, Nynorsksenteret med fleire.