
Anders Totland – lansering og jubileum på EPOS
For nøyaktig ti år sidan lanserte Anders Totland si aller første bok under Falturiltu – verdas største nynorske barne- og ungdomslitteraturfestival.
Sidan har komme ein jamn straum av bøker i dei fleste sjangrar frå skrivestova på Valen, og Totland har ifølgje Aftenposten kanskje blitt sin generasjons mest allsidige forfattar.
No er den lokale forfattaren igjen aktuell med nye forteljingar i ein heilt ny sjanger. Så kva høver vel betre enn å feira tiårsjubileet, og samtidig lansera eit heilt nytt prosjekt, under årets festival?
Kveldens arena er Litteraturbåten Epos, og arrangementet er i samarbeid med Samlaget. Vel møtt!