Sunnhordlandslåten
Frå 2012 til 2022 hadde Falturiltu låtkonkurransen Årets Sunnhordlandslåt saman med lokalavisa Bladet Sunnhordland.
Konkurransen var open for alle i alle aldrar, og for alle typar sjangrar. Det einaste kravet var at teksten vart skriven på nynorsk eller på dialekt. Juryen har bestått av kjente artistar, forfattarar og journalistar, og vinnarane har fått framføra låten under festivalen og fått studiotid hos lokale produsentar.
Oversikt vinnarane av Sunnhordlandslåten:
- 2022: Ma-n i gato – «501»
- 2021: May Huseth Kehr – «Det går opp, det går ned»
- 2020: Ena Vallestad Kårbø – «Dei pratar»
- 2019: Nils Horn – «Tankane mine»
- 2018: Brynjar Stautland – «Himmel og horisont»
- 2017: John Inge Rolfsnes – «Tabu»
- 2016: Hotel Sundal – «Kolonne»
- 2015: Åsmund Nesse – «Gje meg ei lysning»
- 2014: Johanne Engevik Olsen – Når alt går i svart»
- 2013: NESE – «Bala»
- 2012: Runar B. Mæland – «Fuglane»