1. – 8. november 2025
Agnes Ravatn. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Agnes Ravatn

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Ingrid Belt. Foto: TonjeRønvik

Ingrid Belt

Les meir

Kjersti Mjør. Foto: Arne Flatin

Kjersti Mjør

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Oddny fotografert i Bremanger 24.08.2024 av Charlotte Førde Skomsøy. Opphavsrettbeskytta.

Oddny

Les meir

Program 2024

FREDAG 1. NOVEMBER

Stord bibliotek 09:00 og 10:45
Sagvåg skule 12:30
Arkimedes med Hans Sande

Nordbygdo US 10:30 og 11:30
Ungdomsbokbad: Øystein Runde
9. trinn bokbadar Øystein Runde om Sleggja-serien

Arena scene 19:00
Open Arena med bandet TØFL + support: Epilogue
Ungdomskonsert. Dei spretne TØFL-heltane legg turnéen sin innom Open Arena og Falturiltu! Med nye låtar i gitarkassane, og fantastiske festivalkonsertar ferskt i minne, bringer dei indiepop til folket. Epilogue er eit forholdsvis nystarta band som debuterte på scena hausten 2024.

LAURDAG 2. NOVEMBER

Fitjar bibliotek 11:00
Verdas rikaste tjuv
Familiearrangement med Marianne Gretteberg Engedal og Malin Hellebø
Er det eigentleg så gøy å vera kjemperik dersom ein også er tjuv? Kva er det finaste instrumentet som finst? Og går det an å kjøpa seg venner? Verdas rikaste tjuv er ei musikalsk framsyning basert på boka med same namn. Forfattar Marianne G. Engedal og musikar Malin Hellebø kjem til Falturiltu for å lesa, fortelja og spela fram historia!

Haugesund bibliotek 12:00
Teikneduell
Familiearrangement med Ida Neverdahl og Øystein Runde
Teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde inviterer kvarandre til teikneduell utan at dei heilt veit kva som kjem til å skje. Her kan alt frå geléfiskar, stamceller, vikingar og bananslangar dukka opp. Det blir garantert ei spennande, morosam og magisk stund for alle frå 8-88 år!

Stord bibliotek 13:00
OPNING med Småsceneri
I år er det sjølvaste Småsceneri som står for opninga – med ei framsyning for heile familien. Her blir det improvisert teater for dei små og dei mellomstore. Nokre gjester har gøymt seg, og andre har gløymt seg heilt ut. Men kanskje dukkar Pølse-Per og nokon andre kjente opp?

Etne bibliotek 15:00
Verdas rikaste tjuv
Familiearrangement med Marianne Gretteberg Engedal og Malin Hellebø

Åtgaum 20:00
Småsceneri

Søndag 3. NOVEMBER

Haugesund bibliotek 12:00
Verdas rikaste tjuv
Familiearrangement med Marianne Gretteberg Engedal og Malin Hellebø

MÅNDAG 4. NOVEMBER

Nedstrand skule 09:15
Førland skule 11:15
Tysværvåg skule 12:45
Nynorskstafetten
Ida Neverdahl og Øystein Runde
Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet kring tre veker kvar haust for å samle og spreie kunnskap om nynorsk. I år er Nynorsk kultursentrum med som samarbeidspartnar, og tek med seg eit rikt kulturprogram ut på Nynorskstafetten. Årets stafett går mellom 28. oktober til 15. november i Nordhordland, Sunnhordland, Indre Agder og på Haugalandet. I samarbeid med Falturlitu, bLEST og lokale bibliotek er forfattarane Ida Neverdahl, Øystein Runde, Bjørn Sortland og Linda Eide inviterte med på årets Nynorskstafett. Skulane i regionen får teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde på rundtur i løpet av festivalveka.

Stord bibliotek 11:00
Teiknekurs med Linn Isabel Eielsen
Linn Eielsen er skaparen bak teikneserien L-innsikt, som har gjort suksess på både TikTok og Instagram dei siste åra. I NRK vart ho omtala som «sin generasjons teikneserieskapar», med stripene om alt frå dating til politisk satire.

Stord bibliotek 17:00
Pølsetjuven
Ei teaterframsyning med gruppa TeARTig

Kvalatun 19:00
Eitt bokbad som må gjerast før verda går under
Med Bjørn Sortland

Stord bibliotek 19:00
Pølsetjuven
Ei teaterframsyning med gruppa TeARTig for Måndagsklubben

TYSDAG 5. NOVEMBER

Hatlestrand skule 09:00
Ølve Montessoriskule 11:00
Onarheim skule 12:45
På fire bein med Litteraturbåten EPOS
Formidling og teikneverkstad med Berenika Kolomycka

Stord bibliotek 09:15
Oskar og eg
Maria Parr og Åshild Irgens

Vindafjord bibliotek 09:30 og 10:35
Nynorskstafetten
Ida Neverdahl og Øystein Runde

Stord US 09:30
Ungdomsbokbad med Anders Totland

Stord bibliotek 11:00
Tusen elgar i garasjen
Sigmund Løvåsen og Hilde Hodnefjeld

Haugesund bibliotek 11:30
Verdas rikaste tjuv
Med Marianne Gretteberg Engedal

Stord vidaregåande skule 12:00
Litterær lunsj med Maria Parr og Åshild Irgens
Elevane ved Avdeling for Tilrettelagd opplæring på Stord Vidaregåande Skule inviterer til eit møte med forfattar Maria Parr og illustratøren hennar Åshild Irgens. Musikalske innslag ved elevane og opplesing ved forfattaren. Det blir samtale kring forfattarskapen generelt og boka Oskar og eg spesielt.

Stord bibliotek 12:30
Språkkafé med Sigmund Løvåsen og Hilde Hodnefjeld
Internasjonal kulturklubb

Stord bibliotek 14:00
Lesedigg-klubben møter Anders Totland

Stord kulturskule 16:00
Teikneverkstad med Linn Isabel Eielsen

Sveio bibliotek 18:00
Til døden skil oss
Bokbad med Anders Totland

Åtgaum 19:00
Eitt bokbad som må gjerast før verda går under
Bibliotekar Ingrid Leithaug Mjanger bokbadar Bjørn Sortland

ONSDAG 6. NOVEMBER

Sevland skole 09:00
Veavågen skole 09:00
Åkra skole 11:00
Veavågen skole 11:15
Nynorskstafetten
Ida Neverdahl og Øystein Runde

Hillestveit skule 09:00
Moster skule 12:00
På fire bein med Litteraturbåten EPOS
Formidling og teikneverkstad med Berenika Kolomycka

Langeland skule 09:00
Stord bibliotek 10:50 og 12:15
Skulebesøk med Martine Grande

Stord bibliotek 09:00
Tusen elgar i garasjen
Sigmund Løvåsen og Hilde Hodnefjeld

Bømlo bibliotek 10:30 og 11:00
Barnehagebesøk med Marianne Gretteberg Engedal

Gapahuken ved Ådlandsvatnet 11:00
Tusen elgar i gapahuken
Sigmund Løvåsen og Hilde Hodnefjeld

Haugesund bibliotek 11:15
Maria Parr og Åshild Irgens

Fitjar vidaregåande skule 11:45
Linn Isabel Eielsen

Skakkesenteret i Etne 12:00
Pølsetjuven ved Etne kulturskule

Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord 17:00
Miniseminar for barnehagelærarar – opp av boka, ut i rommet
Med HVL-tilsette og Martine Grande

Skakkesenteret i Etne 18:00
Pølsetjuven ved Etne kulturskule

Arena scene 19:00
Stjernekveld
Marit Eikemo, Frode Grytten, Ruth Lillegraven og Maria Parr

TORSDAG 7. NOVEMBER

Førde skule 09:00
Sveio skule 10:30
Vikse skule 12:30
Oskar og eg
Skuleturné med Maria Parr og Åshild Irgens

Mykje skule 09:00
Torvastad skule 11:10
Nynorskstafetten
Ida Neverdahl og Øystein Runde

09:15 Stord bibliotek for Leirvik skule, 6. trinn
11:00 Sagvåg skule, 6. trinn
12:15 Rommetveit skule, 6. trinn
Trollmoll ved Åshild Moldskred

Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord 10:00 – 15:00
Falturiltuseminaret
Eit formidlingsseminar for heile barne- og ungdomslitteraturfeltet

Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord 10:00 og 12:15
Opp av boka – ut i rommet
Teaterframsyning laga av studentar og tilsette ved HVL

Rimbareid skule 09:00
Tysnes skule 12:30
På fire bein med Litteraturbåten EPOS
Formidling og teikneverkstad med Berenika Kolomycka

Stord bibliotek 11:00
Lesestund med Marianne Gretteberg Engedal

Sunnhordland museum 18:00
Eg er eg er eg vil
Musikk, poesi og samtale med forfattar Ruth Lillegraven. Elevar frå kominasjonsklassen ved Stord vgs framfører dikt av Ruth Lillegraven. Musikklina ved Stord vgs står for musikalske innslag. Eit samarbeid mellom Stord vgs, Stord kommune Vaksenopplæringa og Sunnhordland museum.

Åtgaum 19:00
KVISS og KVASS sin barnebok-kviss
Kviss og Kvass er attende med ein flunkande ny kviss om barne- og ungdomslitteratur. Kven er Kviss og Kvass, seier du? Det er sjølvsagt forfattar og fiskebolleboksentusiast Anna R. Folkestad og Svein Olav Langåker, mannen med flest nynorske hattar i landet.

Bømlo bibliotek 18:00
Forfattarbesøk: Anders Totland
Det vert ein samtale med Totland rundt hans forfattarskap og om hans siste roman “Til døden skil oss”.

Åtgaum 20:30
Bli kjent med Jens K. Styve
Jens K. Styve er frå ei lita bygd på Vestlandet, men er no busett i Tromsø. Etter å ha jobba med undergrunnsseriar i fleire år, så var han med på å grunnleggja Jippi forlag i 1997.

FREDAG 8. NOVEMBER

09:00 Nysæter US
Anna R. Folkestad
Bildebokprosjekt 9. trinn

10:15 Stord bibliotek for Rommetveit skule
12:00 Stord bibliotek for Sagvåg skule
På Fire Bein-verkstad
Berenika Kolomycka

09:00 Valestrand skule
10:30 Auklandshamn skule
Ida Neverdahl og Øystein Runde
Nynorskstafetten i samarbeid med Nynorsk kultursentrum, Falturiltu og Sveio bibliotek

09:00 Fitjar vgs, FIBE
Jens K. Styve
Teikneserieverkstad

11:15 Haugesund bibliotek
Martine Grande
Forfattarmøte

10:45 Hystad skule
12:30 Tjødnalio skule
Steinalderen ved Åshild Irgens

09:30 Øvrebygda skule (Selevik invitert)
11:40 Rimbareid skule
12:25 Rimbareid skule
Trollmoll ved Åshild Moldskred

11:30 Sjøperlo i Ølen
Klinkande uklart med Linda Eide
Velkomen til Språk til lunsj og foredraget “Klinkande uklart” med Linda Eide! Dette arrangementet er for alle som jobbar i næringslivet og for språkinteresserte som vil lære meir om næringslivsspråk og korleis vi kan gjere språket vårt tydelegare. Arrangør: Nynorsk Bedriftsforum i samarbeid med biblioteket og næringslivet i Vindafjord, Falturiltu, Nynorskstafetten og Nynorsk Kultursentrum

20:00 Arena scene Stord
Linda Eide – Fosse for dumskallar
Linda Eide losar deg gjennom livet til verdas første nobelprisvinnar som har nynorsk som hovudmål! Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling. Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. 

LAURDAG 9. NOVEMBER

11:00 Valenheimen kulturscene
14:00 Vindafjord bibliotek
Pølsetjuven – teaterframsyning
Familieframsyning med teatergruppa TeARTig

12:00 Stord bibliotek
Dobbel Bok & Bolle med Martine Grande

12:30 Stord bibliotek
Dobbel Bok & Bolle med Åshild Irgens

19:00 Bømlo kulturhus
Linda Eide – Fosse for dumskallar
Linda Eide losar deg gjennom livet til verdas første nobelprisvinnar som har nynorsk som hovudmål! Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling. Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger.