Program 2018


11:00 Stord kulturhus
Kakefest og programutdeling i vestibylen under Kinoens dag!
11:00 Stord kulturhus
Ord + bilde = sant!
Utstilling i vestibylen av elevar ved design og handverk på Fitjar VGS. Elevane stiller ut prosjektet dei har jobba med som er basert på Kari Stai sine figurar
12:00 Stord bibliotek
Bok og bolle med Vegard Markhus
Kjekt og populært familiearrangement der årets forfattar har skrive om epleslang, Timothy som mister seg sjølv og om ein som er stengt inne i ei kjedeleg bok!
14:00 Fitjar bibliotek
Bok og bolle med Vegard Markhus
Kjekt og populært familiearrangement der årets forfattar har skrive om epleslang, Timothy som mister seg sjølv og om ein som er stengt inne i ei kjedeleg bok!
14:00 Spinae Company – 50,-
Mopp og Mikko-dramatisering
Mopp og Mikko likar dyr. Dei går derfor på dyrejakt. Anette Angeltveit Thoresen og Andreas Skiri Gregersen har dramatisert denne dyrejakta, og vil invitere born på 1-3 år til å kome på forestilling. Dersom borna har dyrebamsar dei vil ta med, så er det veldig hyggeleg. Kanskje dyrebamsane også vil vera med i teateret? Det kan dei få velja sjølv. Basert på festivalforfattar Kari Stai sine bøker.
15:00 Spinae Company – 50,-
Jakob og Neikob-dramatisering
Jakob og Neikob er gode vener, men ganske ulike. Jakob seier JA til alt, medan Neikob seier NEI til alt. Dette gjer at dei må halde avstand frå kvarandre inni mellom. Likevel synes dei det er best å vera saman. Spesielt når ei krokodille vil ete dei eller då dei må rømme frå ein tjuv som vil stjele bilen deira. Dramatiseringa er morosam, men også litt spanande. Den passar for born i 3-6 års alderen. Anette Angeltveit Thoresen og Andreas Skiri Gregersen har dramatisert denne framsyning basert på festivalforfattar Kari Stai sine bøker.
14:00 Stord hestesportsenter på Tyse – 50,-
Stallturiltu
Bli med på ei kneggande god stund med hesteaktivitetar og open kafé! Det er gjeve ut mange fine nynorske hestebøker, og Mette Solemdal kjem til å plukka ut og lesa frå sine favorittar. Her vil det bli mogleg å få seg ein liten ridetur, prøva ut hesteskokasting og få seg ein ny firbeint ven.
17:00 Stord kulturhus, storsalen – 150,-/100,-
Falturiltufest!
Det er klart for ei skikkeleg feststund for heile familien når bandet Building Instrument tar med seg animasjonskunstnar Simone Hooymans, koristane i Aspane og musikklina sitt vokalensemble i eit unikt samarbeid. Kari Stai sine karakterar Jakob og Neikob blir gjort levande ved hjelp av teaterelevar i Stord kulturskule. Og om ikkje det var nok, så kjem vinnaren av Sunnhordlandslåten 2018! Arrangementet er eit samarbeid med Stord Jazzklubb.
09:15 Hystad skule
Tankespinn – Lesekampanje
Kari Stai møter 3. trinn (A-klassen) som har jobba med boka Tankespinn. I samarbeid med Stord bibliotek
09:30 Stord kulturhus – 50,- – få billettar ledige!
Himmelspringaren
Dokketeater av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus om lammet Lilla som ikkje er heilt som andre sauer. Framsyninga byggjer på Sissel Horndal si bok med same tittel.
Gratis for inviterte skular – 1. trinn Hystad og Leirvik skule
10:10 Rommetveit skule
Snillionen
Forfattarmøte med Arnfinn Kolerud for 5. trinn
10:30 Hystad skule
Tankespinn – lesekampanje
Kari Stai møter 3. trinn (B-klassen) som har jobba med boka Tankespinn. I samarbeid med Stord bibliotek
11:00 Stord kulturhus – 50,- – få billettar ledige!
Himmelspringaren
Dokketeater av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus om lammet Lilla som ikkje er heilt som andre sauer. Framsyninga byggjer på Sissel Horndal si bok med same tittel
Gratis for inviterte skular – 1. trinn Tjødnalio og Langeland skule
12:00 Tjødnalio skule
Snillionen
Forfattarmøte med Arnfinn Kolerud for 5. trinn
13:00 Austevoll bibliotek
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné med den nye boka om Jakob og Neikob
14:00 Stord VGS – lukka framsyning
Forfattarmøte
Hans Sande les for MU-klassen
19:00 Måndagsklubben – lukka framsyning
Forfattarmøte
Hans Sande les for klubben i Stord kulturhus
19:00 Sykkel & Kaffi – 100,-
Klassikartimen: Farvel, Rune
Marit Kaldhol og Wenche Øyen står bak denne framifrå boka som mange hugsar att frå barndomen. Farvel, Rune er ei sterk og kjenslevar historie som har rørt både små og store, og er i følgje Samlaget den norske biletboka som har fått mest internasjonal merksemd. Maria Parr omtala boka slik i bokspalta si: «Fyrste gongen vi las «Farvel, Rune» opna det seg noko eg ikkje hadde skjøna var der. (…) Det var før og etter «Farvel, Rune». Før og etter at det fanst noko som heitte å døy.» Forfattar Marit Kaldhol og illustratør Wenche Øyen møter kvarandre til samtale leia av festivalforfattar Kari Stai.
20:30 Sykkel & Kaffi – 50,- (gratis om du kom på Klassikartimen)
Bokbarquiz
Den komande stjernequizduoen Arnfinn Kolerud og Anna R. Folkestad har laga ein bokquiz som er nett passe vanskeleg og nett passe lett
08:30 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
Klassikartimen: Farvel, Rune
Marit Kaldhol og Wenche Øyen står bak denne flotte boka, og møter kvarandre til samtale leia av festivalforfattar Kari Stai
09:15 Litlabø skule
Snillionen
Forfattarmøte med Arnfinn Kolerud for 5. trinn
09:30 Stord kulturhus – 50,- – få billettar ledige!
Himmelspringaren
Dokketeater av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus om lammet Lilla som ikkje er heilt som andre sauer. Framsyninga byggjer på Sissel Horndal si bok med same tittel
Gratis for inviterte skular: 1. trinn Litlabø, Sagvåg og Rommetveit skule.
09:30 Stord kulturhus
Festivalutstilling med Gry Moursund og Hans Sande
Omvising i festivalutstilling og opplesing av Hans Sande
Skulebesøk 2. trinn Rommetveit skule
10:00 Skånevik bibliotek
Jojo + Ida = magi!
Ida Neverdahl og magiske Jojo! I samarbeid med Etne bibliotek for 3. og 4. trinn
10:40 Sagvåg skule
Snillionen
Forfattarmøte med Arnfinn Kolerud for 5. trinn
◊
11:00 Stord kulturhus
Festivalutstilling med Gry Moursund og Hans Sande
Omvising i festivalutstilling og opplesing av Hans Sande
Skulebesøk 2. trinn Leirvik skule
11:00 Stord kulturhus 50,- – fullt!
Himmelspringaren
Dokketeater av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus om lammet Lilla som ikkje er heilt som andre sauer. Framsyninga byggjer på Sissel Horndal si bok med same tittel
Gratis for inviterte barnehagar
11:15 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord – lukka generalprøve
Blodrik og Blodfabrikken
Ei framsyning om venskap, hjarte som må fiksast og kruttsterk ketsjup. Studentar ved Høgskulen på Vestlandet har laga fargerik og fantasirik teater basert på Kari Stai si bok med same tittel. Høver spesielt godt for dei mellom 6-9 år
Skulebesøk 1. og 2. trinn Rommetveit skule
11:30 Kvinnherad bibliotek
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné. Denne dagen vitjar ho Kvinnherad bibliotek på Husnes
12:00 Etne bibliotek
Jojo + Ida = magi!
Ida Neverdahl og magiske Jojo! I samarbeid med Etne bibliotek for 4. trinn
12:15 Stord US
M for Marit
Forfattarmøte med Marit Kaldhol for 10. trinn
12:50 Enge skule, Etne
Jojo + Ida = magi!
Ida Neverdahl og magiske Jojo!
I samarbeid med Etne bibliotek for 3. trinn
13:15 Stord US
M for Marit
Forfattarmøte med Marit Kaldhol for 10. trinn
17:00 Stord kulturhus – 50,-
Falturilthurra! Bursdagsfest med Kari Stai
Samlaget er heile 150 år! Ta heile familien med deg og set på bursdagshatten! Her blir det kake, saft og festivalforfattar Kari Stai med Jakob, Neikob og Alle Andre.
18:30 Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord – 100,-/50,-
Blodrik og Blodfabrikken
Ei framsyning om venskap, hjarte som må fiksast og kruttsterk ketsjup. Studentar ved Høgskulen på Vestlandet har laga fargerik og fantasirik teater basert på Kari Stai si bok med same tittel. Høver spesielt godt for dei mellom 6-9 år.
19:00 Stord bibliotek – 100,-
Bokbad med Solfrid Sivertsen
Stord og Bømlo bibliotek inviterer på bokbad med Solfrid Sivertsen som nyleg gav ut Ho sykla bort og andre noveller. Samtalen blir leia av biblioteksjef Astrid Drevland frå Bømlo bibliotek
20:30 Sykkel & Kaffi – gratis inngang
Bokbar
Samlaget inviterer til jubileumsbokbar. I bokbaren kan du møta leselystne, kaffityrste og alle andre
09:00 Rommetveit skule
Jojo + Ida = magi
Ida Neverdahl og magiske Jojo! I samarbeid med Stord bibliotek Skulebesøk 3. trinn
09:30 Stord kulturhus
Festivalutstilling: Gry Moursund og Helga G. Eriksen
Omvising i festivalutstilling og opplesing av Helga G. Eriksen
Skulebesøk 2. trinn Hystad og Tjødnalio skule
10:30 Stord US
2 forfattarar + 1 band
Arnfinn Kolerud og Alf Kjetil Walgermo blir hylla og bokbada av elevar på 9. trinnet
10:30 Stord bibliotek
Jojo + Ida = magi!
Ida Neverdahl og magiske Jojo! I samarbeid med Stord bibliotek Skulebesøk 3. trinn
10:30 Bømlo kulturhus – fullt!
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné.
11:00 Stord kulturhus – 50,- – få billettar ledige!
Pling vaken!
Dokkeframsyning og forfattarmøte med og av Irene Ahnell og Mette S. Tønseth
Gratis for inviterte barnehagar
11:00 Stord kulturhus
Festivalutstilling: Gry Moursund og Frode Grytten
Omvising i festivalutstilling og opplesing av Frode Grytten Skulebesøk 2. trinn Sagvåg og Litlabø skule
11:15-15:20 Stord kulturhus – 400,-
Fylkesbibliotekseminar – påmelding
Hordaland og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek inviterer til seminar med fokus på formidling til og med barn og ungdom. Gjester er Anna R. Folkestad, Svein Olav Langåker, Lillian E. Rushfeldt, Arnfinn Kolerud, Signe Ytrøy og Øystein Runde
11:30 Bømlo kulturhus – ekstraframsyning!
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné
11:30 Nore Neset skule, Os
Blodrik og Blodfabrikken
Ei framsyning om venskap, hjarte som må fiksast og kruttsterk ketsjup. Studentar ved Høgskulen på Stord har laga fargerik og fantasirik teater for 1. og 2. trinn
12:00 Langeland skule
Jojo + Ida = magi!
Ida Neverdahl og magiske Jojo! I samarbeid med Stord bibliotek Skulebesøk 3. trinn
12:15 Stord kulturhus
Festivalutstilling: Gry Moursund og Helga G. Eriksen
Omvising i festivalutstilling og opplesing av Helga G. Eriksen Skulebesøk 2. trinn Langeland skule
12:15 Bokbåten EPOS, Leirvik kai – få ledige plassar!
Gudespor
Vi får høyre mektige vakre og morsame myter frå den norrøne og greske gudeverda. Gjennom forteljingane får barn og vaksne møte forunderlege skapningar som alvar, underjordiske vesen, gudar, gudinner og urgamle jotnar.
12:30 Stord kulturhus – 50,- – få billettar ledige!
Pling vaken!
Dokkeframsyning og forfattarmøte med og av Irene Ahnell og Mette S. Tønseth
Gratis for inviterte barnehagar
13:00 Stord VGS – 100,-
Bokband: Frode Grytten
Elevar ved musikklina på Stord vidaregåande skule stiller med bokband og bokbad av Frode Grytten
13:00 Nysæter US
1 teikneserieskapar + 1 band
Øystein Runde blir hylla og bokbada av elevar frå heile skulen!
18:00 Bokbåten EPOS, Leirvik kai – gratis!
Episk teikneduell med Ida Neverdahl og Øystein Runde Teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde inviterer kvarandre til teikneduell utan at dei heilt veit kva som kjem til å skje. Her kan alt frå geléfiskar, stamceller, vikingar og bananslangar dukka opp. Det blir garantert ei spennande, morosam og magisk stund for alle frå 7-77 år!
19:00 Stord kyrkje – 200,-
Himmelhamn og Walgermo
Falturiltu og Stord sokneråd inviterer til ei spennande og stemningsskapande stund i Stord kyrkje med bandet Himmelhamn og forfattar Alf Kjetil Walgermo
19:15 Onsdagsklubben – lukka framsyning
Forfattarmøte
Helga G. Eriksen les for klubben i Stord kulturhus
19:30 «Muren» – Einstadbøvoll gard i Valestrand, Sveio – 140,-
Dikt + krim + drama = Ruth!
Bokbad med forfattar Ruth Lillegraven i samarbeid med Kulturbygda Valestrand. Ho er ute med tre bøker i haust – diktsamlinga Skogen den grøne, thrilleren Alt mitt er ditt og debutskodespelet Cally
21:00 Sykkel & Kaffi bokbar – 50,-
IdaN + ØysteinR. Runde 2!
Teikneserieskapar Ida Neverdahl møter Øystein Runde til teikneduell. Her kan både den verste og den beste vinna, for det er heilt utan juryar, X-ar og mobilavstemmingar
Oppdatering: Liv Gulbrandsen, Eivor Vindenes og Jens K. Styve må diverre melda avbod grunna gravferd i Oslo.
09:15 Gruvene på Litlabø
GRUVEGRØSS
Forfattarmøte i gruvene med Linn T. Sunne som les frå Grøss og gru-boka si for 7. trinn. I samarbeid med Venelaget for Gruo og Sunnhordland museum
Skulebesøk 7. trinn ved Sagvåg og Litlabø skule
10:30 Nordbygdo US
1 forfattar + 1 band
Alf Kjetil Walgermo blir hylla og bokbada av elevar på 9. trinnet
10:30 Gruvene på Litlabø
GRUVEGRØSS
Forfattarmøte i gruvene med Linn T. Sunne som les frå Grøss og gru-boka si for 7. trinn. I samarbeid med Venelaget for Gruo og Sunnhordland museum
Skulebesøk 7. trinn ved Tjødnalio skule
10:30-15:50 Høgskulen på Vestlandet, Stord – 650,-
Falturiltuseminaret: Ord + bilde = sant?
Falturiltu set fokus på formidling av bildebøker og teikneseriar. Gjester er Kari Stai, Arild Torvund Olsen, Siri Odfjell Risdal, Irene Ahnell, Hannah Aukland, Bjørn T. Bøe og Hilde Dybvik
10:45 Stord kulturhus
Den kulturelle spaserstokken med Ruth Lillegraven
Stord kulturskule med forfattargjest Ruth Lillegraven
11:15 Hystad skule
1000 dagar
Forfattarmøte med Inger Johanne Sæterbakk for 7. trinn
11:30 Sagvåg skule
Vegard mister seg sjølv
Forfattarmøte med Vegard Markhus. I samarbeid med Stord bibliotek
Skulebesøk 3. trinn ved Sagvåg skule, 25 elevar
12:15 Stord US
Linn T. Sunne
Forfattarmøte med Linn T. Sunne for 10. trinn
12:30 Hystad skule
1000 dagar
Forfattarmøte med Inger Johanne Sæterbakk for 7. trinn
12:45 Litlabø skule
Les til du mister deg sjølv
Forfattarmøte med Vegard Markhus. I samarbeid med Stord bibliotek
Skulebesøk 3. trinn ved Litlabø skule
13:15 Tjødnalio skule
Skogen den grøne
Lesekampanje og forfattarmøte med Ruth Lillegraven for 3. trinn. I samarbeid med Stord bibliotek
15:00 Stord kulturhus – 100,-
Teikneverkstad med Gry Moursund
Illustratør Gry Moursund inviterer til 1,5 time med teikneverkstad
16:30 Stord kulturhus – 100,-
Teikneserieverkstad med Øystein Runde
Teikneserieskapar Øystein Runde inviterer til 1,5 time med teikneserieverkstad
19:00 SKL-bygget – 160,-/ 110,- medlem Stord mållag
Krim, kjærleik og slikt
Stord mållag, Sunnhordland kraftlag og Haugaland kraft inviterer til vaksenbokkveld. Hege Myklebust bokbadar Marit Eikemo og Ruth Lillegraven i den staselege kantina i SKL-bygget
19:30 Bedehusets bar og bazaar, Haugesund – 150,-
Øyo-biblioteket med Sumaya Jirde Ali
Forfattar, poet og samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali fekk nyleg «Ord i grenseland» prisen. Juryen la vekt på Ali sitt pågangsmot og sosiale slitestyrke i å kunna forsvara sine eigne meiningar og retten til å ytra seg i eit stadig meir framand- og ytringsfiendsleg klima. Torsdag 8. november har Øyo-biblioteket og Falturiltu invitert Jirde Ali til Haugesund for å samtala om boka «Ikkje ver redd sånne som meg», og om hennar erfaringar som ung muslimsk forfattar, poet og samfunnsrøyst
20:30 Sykkel & Kaffi
Bokbar
I bokbaren kan du møta leselystne, kaffityrste og alle andre
09:00 Øvrebygda skule, Fitjar
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné. I samarbeid med Fitjar bibliotek
09:15 Leirvik skule
1000 dagar
Forfattarmøte med Inger Johanne Sæterbakk for 7. trinn
09:15 Etne bibliotek
Pling vaken på tur!
Barnehagebesøk med Irene Ahnell for Enge og Småfolk barnehage
10:15 Langeland skule
Den norske slavehandelen
Forfattarmøte med Anders Totland for 7. trinn
10:15 Langeland skule
Skogen den grøne
Forfattarmøte med Ruth Lillegraven for 5. trinn
10:25 Rimbareid skule, Fitjar
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné. I samarbeid med Fitjar bibliotek
10:30 Leirvik skule
1000 dagar
Forfattarmøte med Inger Johanne Sæterbakk for 7. trinn
11:40 Stord kulturhus
Skogen den grøne
Forfattarmøte med Ruth Lillegraven for 5. trinn
11:30 Langeland skule
Den norske slavehandelen
Forfattarmøte med Anders Totland for 7. trinn
11:30 Skånevik barnehage
Pling vaken på tur!
Barnehagebesøk med Irene Ahnell
12:30 Uggdal skule, Tysnes
Jakob og Neikob og Alle Andre
Festivalforfattar Kari Stai reiser på Sunnhordlandsturné. I samarbeid med Tysnes bibliotek
13:00 Hystad skule
Den norske slavehandelen
Forfattarmøte med Anders Totland for 5. trinn
13:05 Rommetveit skule
1000 dagar
Forfattarmøte med Inger Johanne Sæterbakk for 7. trinn
19:00 Stord kulturhus, storsalen – 375,-/325,-
Come Shine + Jan Erik Vold + Einar Økland
Falturiltu og Stord jazzklubb presenterer eitt av dei beste jazzbanda i landet, saman med to av våre mest folkekjære poetar! Tjueårsjubilanten Come Shine er kjende for fantasifulle og nyskapande tolkingar av jazzklassikarar. At Jan Erik Vold har eit spesielt øyre for jazzen vart klårt alt på slutten av 60-talet, då han gav ut «Briskeby blues» saman med Jan Garbarek. Han får fram den jazzpoetiske arven som ligg i Come Shine sitt fokus på tekstar og formidling. Einar Økland har også ei livslangt kjærleiksforhold til jazzen, og saman med Jan Erik Vold var han redaktør for boka Jazz i Norge i 1975.
21:00 Arena – 100,- (10,- med Come Shine-billett)
Etterspel!
Brit Aksnes har gjeve ut debutboka Mannemenneske og får med seg sjølvaste Stord-ordførar Gaute Epland på scena for å diskutera mannsrolla! Etterpå spelar det legendariske Microbandet. Dørene opnar kl. 20:30. PS: Har du billett til Come Shine betalar du berre 10,- for billetten om du kjøper den på førehand på nett, berre hugs å ta med deg Come Shine-billetten samstundes.
Fotokreditering
Alf Kjetil Walgermo: Agnete Brun
Anders Totland: Per Egil Larsen
Arnfinn Kolerud: Per Eide
Brit Aksnes: Mari Laupsa
Building Instruments: Klara Sofie Ludvigsen
Come Shine: Egil Hansen
Einar Økland: Tove K. Breistein
Eivor Vindenes: Leser søker bok
Frode Grytten: Hans Jørgen Brun
Gaute Epland: Stord kommune
Gry Moursund: Observatoriet
Hans Sande: Olav Reiakvam
Helga Gunerius Eriksen: Hilde Holthe-Berg
Himmelhamn: Haakon Nordvik
Himmelspringaren: Jonas Duus
Ida Neverdahl: Ida Neverdahl
Inger Johanne Sæterbakk: Stine Friis Hals
Jan Erik Vold: Ulla Montan
Jens K. Styve: Nicolas Tourrenc
Kari Stai: Benedikte Skarvik
Linn T. Sunne: Tove K. Breistein
Liv Gulbrandsen: Stine Friis Hals
Marit Eikemo: Agnete Brun
Marit Kaldhol: Øyvind Eide
Ruth Lillegraven: Agnete Brun
Solfrid Sivertsen: Mike McGurk
Sumaya Jirde Ali: Odd E. Nerbø
Vegard Markhus: Bjarte Bjørkum
Wenche Øyen: Forlaget Press
Øystein Runde: Alexander Qvale Gilje
Falturiltu sin festivalfotograf: Kari Mendelejev Svanberg @Vindblikk