STREK OG STRIPE er årets tema for den nynorske litteraturfestivalen Falturiltu som tek til 1. november! Festivalen ønskjer å løfta fram floraen av gode teikneserieskaparar og illustratørar i landet. Det blir ein festival utanom det vanlege, der det visuelle får fokus. Det blir over 30 utøvarar på programmet og ei rekkje opne program for alle aldersgruppe.
ÅRETS FESTIVALFORFATTARAR
To av utøvarane blir på festivalen ei heil veke som årets festivalforfattarar. Felles for desse to er at dei både skriv og illustrerer. Begge vert dessutan rekna som friske pust i den nynorske barnelitteraturen. Marianne Gretteberg Engedal og Ida Neverdahl har begge laga sine eigne bokseriar og hatt ein stor følgjarskare frå start av.
Ida Neverdahl har teikna for Norsk barnebokblad der karakteren Jojo fekk utfalda seg. Ho har laga ein ny og humoristisk vinkling på norrøn mytologi og norske eventyrtradisjonar med Floke-serien. Neverdahl står bak fleire historier saman med teikneserieskapar Øystein Runde, som òg kjem til årets festival.
Marianne Gretteberg Engedal står bak Pølsetjuven-serien, og har illustrert for fleire forfattarar under pseudonymet Skinkeape, mellom anna for Mariko Miyata-Jancey, Bjørn F. Rørvik, Hans Sande og Ane Barmen. Engedal ha oppdrag saman med Sande og Barmen under årets festival. Pølsetjuven vil bli dramatisert både av teatergruppa TeARTig frå Valestrand og Etne kulturskule.
EPISKE LITTERATURBESØK
For første gong samarbeidar festivalen med Nynorsk kultursentrum, Nynorsk bedriftssentrum og dei lokale mållaga om konseptet Nynorskstafetten. Her blir det forfattarturné til skular på Karmøy, Sveio, Tysvær og Vindafjord. I Haugesund bibliotek og Stord bibliotek blir det arrangement heile festivalveka med mellom anna Martine Grande, Sigmund Løvåsen, Hilde Hodnefjeld, Åshild Moldskred og Malin Hellebø. Barnehagar og skular rundt i distriktet får mange besøk, og Litteraturbåten EPOS kjem med forfattaren bak serien På Fire Bein, Berenika Kolomycka.
Falturiltu slår til med ungdomskonsert saman med Open Arena og fyrer laus festivalen med indiepop-bandet TØFL på Bakeriet Frugård. Den offisielle opninga av festivalen er det sjølvaste Småsceneri som står for. Her blir det improvisert teater for familien og kanskje dukkar Pølse-Per og nokon andre opp? Stord vidaregåande skule vil ha to spennande bokbad, det eine med radarparet Maria Parr og Åshild Irgens, og eitt med forfattar Ruth Lillegraven i samarbeid med Sunnhordland museum.
STJERNEKVELD OG PRISVINNARAR
Saman med Stord mållag inviterer Falturiltu til ein stjernekveld med fire av dei store innan nynorsk samtidslitteratur, Marit Eikemo, Frode Grytten, Ruth Lillegraven og Maria Parr.
Jon Fosse, fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, må sjølvsagt få litt merksemd på denne store nynorske festivalen. Det dyktige trekløveret Hildegun Riise, Benedicte Maurseth og Sigbjørn Apeland tek med seg poesikonserten «Blått svev» til Stord kyrkje. I Fosse sin poesi finst det mykje vestnorsk landskap og lynne som dei blå tonane frå desse musikarane kler godt. Og uansett om du har lese Fosse eller ei så kan du få ei innføring i forfattarskapen hans av Linda Eide og Sjur Hjeltnes som kjem med framsyninga «Fosse for dumskallar».
På Bømlo og i Sveio blir det krimkveldar med Anders Totland. På festivalbistroen Åtgaum kan me by på bokbad med Bjørn Sortland som kjem med ei flunkande ny bok i haust, og sjølvaste Kviss og Kvass som stiller med barnebok-kviss.
Fagleg påfyll blir det mellom anna på årets Falturiltuseminar torsdag 7. november, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet Campus Stord og Framtida junior. Her er temaet formidling av litteratur for lærarstudentar, lærarar og barnehagetilsette. På Høgskulen vil studentar og lærarar invitera til opne framsyningar med Opp av boka – ut i rommet og teikneserieskapar Therese G. Eide vil ha eit program om Magnus Lagabøtes landslov-jubileet.
Mykje spennande i vente på årets festival, og programsleppa vil koma på løpande band fram til 10. oktober.