2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Falturiltu er den største nynorske litteraturfestivalen for barn og ungdom

Aktuelt

Illustrasjonsbilde frå festivalen som viser eit barn som ser på ei framsyning. Foto: Kari M. Svanberg

Hei Fara! Barnebokkritikk sin reportasje frå Falturiltu 2023

Les meir

Tada! Velkomen til ny heimeside!

Dette har me venta lenge på å få visa fram – ei flunkande ny heimeside som TADA har laga til Falturiltu!

Les meir
Logoen til Norsk kulturråd

Tilskot frå Kulturrådet!

No er det fest i Falturiltu-leiren, Norsk kulturråd har gjeve oss tilskot for to år på rad.

Les meir
Sjå alle nyhende

Falturiltu

Sidan 2007 har Falturiltu vakse frå å vera ein lokal litteraturfest til å bli ein litteraturarena med nasjonalt omfang av faglege og kunstnarlege utøvarar. Festivalen har sin base på Stord og arrangerer i løpet av ei veke 100 litteraturopplevingar i 10 ulike kommunar.

Falturiltu løftar fram nynorsk formidling som er nyskapande, samtidsaktuell og tradisjonsrik innan både tekst, musikk, scenekunst og det visuelle. Over 250 ulike kunstnarlege gjester har vore med på festivalen i løpet av åra.

Falturiltu har eit nært samarbeid med andre festivalar i nærregionen som Vossa Jazz, SILK – Skudeneshavn internasjonale litteratur- og kulturfestival, og bLEST litteraturfest i Tysvær.

Frivillig

Det ville vore umogleg å arrangera festival utan dei gode frivillige hjelparane våre. Om du har tid og lyst til å bli del av denne hyggelege gjengen, så høyrer me gjerne frå deg.

Me treng hjelp til billettsal, køyring av forfattarar og vakthald under konsertar. Kjekke oppgåver der du får møta trivelege utøvarar, andre frivillige og bli kjent med festivalfeltet.

Klikk på kråkefoten for å senda oss ei melding så tek me kontakt med deg.

Kven er med i Falturiltu?

Profilbilde av Steffen Sørum av Niklas R. Lello / Norsk barnebokinstitutt.

Steffen R. M. Sørum

Steffen Sørum er forfattar, aktiv samfunnsdebattant og er fagleiar for forfatterutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt.

Profilbilde av Camilla Kuhn av fotograf Tove Breistein

Camilla Kuhn

Camilla Kuhn er illustratør, forfattar og er programsjef for barn og ungdom på Litteraturhuset i Oslo.

Camilla Ruhs

Camilla Ruhs

Camilla Ruhs er barnebibliotekar og bokheks på Stord folkebibliotek.

Marco Thomas

Marco Thomas

Marco Thomas er teaterpedagog, coach, skodespelar og regissør bak TeARTig.

Siv Pettersen

Siv Pettersen

Siv Pettersen er lærar ved Nysæter ungdomsskule, bokentusiast og styremedlem i Stord mållag.

Profilbilde Trond Onarheim av fotograf Kari M. Svanberg

Trond L. Onarheim

Trond Onarheim er festivalleiar og kulturrådgjevar i Stord kommune.

Portrettfoto Svein Olav Langåker

Svein Olav Langåker

Svein Olav Langåker er redaktør i Framtida Junior og dagleg leiar for LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar), som driv Framtida.no.

Hannah Belsvik Hansen

Hannah Belsvik Hansen er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord.