
Oddny – Open Arena
Oddny markerte seg i 2023 med låten «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. I 2024 vann dei Luttprisen i kategorien “Årets nykommar”. ^
Gruppa frå Bremanger har fått særleg merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, og for å vere eit unikt liveband med ei heilt eigen sceneframferd.
Musikken deira kombinerer det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Dei syng om tema som mange kjenner seg igjen i, og musikken appellerer til eit breitt spekter av lyttarar og publikummarar.
Bandet har i 2024 spelt ei rekkje utselde konsertar, blant anna i Oslo, Stavanger og Bergen, og har allerede blitt booka til ei rekke festivalar i 2025.
Open Arena har ønska seg denne gruppa ei stund, og Falturiltu er sjølvsagt glade for å vera medarrangør og få dette gneistrande bandet til Stord!