Seminar 2022
Torsdag 10.11 kl. 10 – 15
Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
10:00 REGISTRERING
10:20 Opning
10:50 Festivalforfattaren kåserer
Festivalforfattar Terje Torkildsen fortel om seg sjølv som forfattar.
11:10 – 11:20 KAFFIPAUSE
11:20 Kvar er den nynorske populærlitteraturen?
Medan det florerer med populær serielitteratur på bokmål, så ser det ut til å vera vanskeleg å finna att den same tendensen i nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Er det blitt viktigare å vinna litteraturprisar enn å selja bøker? Kva er det som skal til for å gjera nynorsk barne- og ungdomslitteratur meir kommersiell?
Bjørn Sortland (professor ved NBI) og Terje Torkildsen i samtale med Svein Olav Langåker (Dagleg leiar i LNK, og redaktør for Pirion.)
12:00 – 12:45 LUNSJ
12:45 Nye lesevanar i barnefamiliar
Trude Hoel kjem med ferske og kanskje urovekkande data frå ei nasjonal undersøking som er gjort av UiS, supplert med funn frå andre leseundersøkingar. Trude Hoel er professor i lesevitskap ved Lesesenteret, UiS.
13:30 – 13:45 KAFFIPAUSE
13:45 Barnebokkritikk sin panelsamtale
Me er midt inne i ei teikneseriebølge, og Barnebokkritikk ønskjer å finna ut kven eller kva som ligg bak denne eksplosjonen av teikneserieutgjevingar for barn og unge. Er manusa betre enn før, har utdanninga endra seg, eller er det forlaga som er blitt meir utprøvande? Har etterspurnaden og kvaliteten auka, eller berre volumet? Og korleis står det til med kritikarane – har den jamne litteraturmeldaren tilstrekkeleg kompetanse til å vurdera kvaliteten av teikneseriar? Dersom ikkje, bør det kanskje overlatast til «ekspertar»?
Barnebokkritikk har i samarbeid med Falturiltu invitert inn eit panel av det me tenkjer er ekspertar innan feltet. Møt kritikar Ruth Hege Halstensen, teikneserieskapar Ida Neverdahl og forlagsredaktør Tonje Tornes i samtale med moderator Arild Torvund Olsen (teikneserieskapar og høgskulelektor ved Nynorsksenteret).
14:45 SLUTT